I trivselsgruppa er Laila Ytrenes, Peggy Molnes Kristiansen og Julie Røgelstad. Dei fortel at dei kom med i dette arbeidet ganske tilfeldig.
— For å kome i gang trong initiativtakarane to personar til å kome på eit møte, og vi sa ja til det, seier Peggy Molnes Kristiansen og Julie Røgelstad. Laila Ytrenes kom med litt seinare.
Dei starta opp i januar i år med å gjere små enkle ting som vil skape trivsel i bygda, fortel dei.
I februar hadde dei eit møte med bygdefolket der dei bad om innspel til kva som kunne gjerast, og her fekk dei mange nye idear.
Blomar og informasjon
Noko dei synest er viktig er at nyinnflytta blir ønskte velkomne til bygda på ein koseleg måte.
— Vi vil at dei som kjem nye til bygda skal føle seg velkomne. Dette skal skje ved at dei får ein blome og informasjon om Skånevik med blant anna opplysingar om kva lag og organisasjonar som finst i bygda.
Bygdakvelds
I februar stod trivselsgruppa bak ein bygdakvelds i Idrettshallen. Det var karneval for ungane og underhaldning for dei vaksne. Denne kvelden vart så vellukka at det nå blir førebudd ein ny bygdakvelds i oktober.
Snart er ei ny rusjebane på plass i Doktorhagen, den er sponsa av trivselsgruppa. Til hausten vil dei prøve å få tidlegare kapellan i Skånevik, John Kristian Rolfsnes, til å halde eit foredrag om samliv og ekteskap.
For at flest mogleg skal følgje med i det trivselsgruppa driv med, vil dei i tillegg til «Olsenveggen» få ei ny oppslagstavle i sentrum.