Det er ingen som har særleg tru på at tenester eldre hadde før, plutseleg blir fagleg forsvarleg å ta vekk fordi kommunen skal spare pengar. Endringane eldre har fortalt om til media, gir eit klart inntrykk av at det er økonomien og ikkje mennesket som står i sentrum for tildelingane av heimehjelp.
Det gir verken politikarane eller dei som er ansvarlege for tenestene eit godt omdømme. Eldre med hjelpebehov er heller ikkje den gruppa ein bør ta frå tilbod i det rike landet Noreg.
Ein kan også stille spørsmål om korleis kommunen går fram. Når ein føler seg hjelpelaus, er det ganske brutalt å få eit brev i postkassen om at no får du klare deg nesten på eigenhand. Avstaden frå å summere tal på budsjettet og ut til dei sparinga rammar, blir for stor. Det blir også understreka av at dei ansvarlege for tenestene viser til at dei eldre kan klage på tildelingane.
Det er no dei eldre sit der med oppvaskar og skit som samlar seg opp, og det hjelper lite at politikarar fortel dei at ein skal vurdere tenesta på nytt om eitt år. Pengar som er tatt ut av eit tilbod, er dessutan tunge å få inn igjen.