Vil stoppe utflagging av slakt

Tett smottholet, oppfordrar dagleg leiar i Fatland-gruppa, Leif Malvin Knutsen. Konsernsjefen i Noregs største private […]

Tett smottholet, oppfordrar dagleg leiar i Fatland-gruppa, Leif Malvin Knutsen.
Konsernsjefen i Noregs største private slakteri meiner det blir ein vanskeleg konkurransesituasjon dersom norske aktørar skal kunne vidareforedle norsk kjøt i utlandet og sleppe toll når varene blir tatt inn i landet igjen.

Tappe norsk industri
— Dette er kome opp i så stort volum at det vil kunne påverke den norske kjøtmarknaden. Konsekvensen kan bli at det blir vanskeleg å drive lønsam foredling av kjøt her i landet. Målet må vere å halde oppe ein norsk industri på området, og då kan vi ikkje ha smotthol der det går an å gjere denne produksjonen billigare i utlandet fordi vi har eit anna kostnadsnivå, seier Knutsen.
Ei rekkje bedrifter har søkt om å få gjeninnføre foredla landbruksvarer tollfritt. For kjøt er det snakk om 9.500 tonn som går gjennom dette smottholet i regelverket. Det er litt over fire prosent av dei 220.000 tonna som blir slakta her i landet.

Arbeidsplassar
— Målet med regelverket som opna for utanlandsk bearbeiding av kjøttvarer, var å få eit breiare produktspekter her i landet. No går ein lenger enn denne intensjonen, og konsekvensane kan bli store for norske arbeidsplassar dersom dette får utvikle seg, seier Knutsen.
Han er styremedlem i Kjøttbransjens landsforbund, og er ganske sikker på at både dei og andre bransjeorganisasjonar vil kome med innspel til Landbruksdepartementet.
— Tidlegare kunne ein sende salt til utlandet og få kjøt tilbake med låg tollsats. Dette var ikkje tilsikta og smottholet vart tetta igjen, og det reknar eg med vil skje med gjeninnføring av kjøtvarer også, seier Knutsen.
Han seier Fatland aldri har vurdert å ta del i denne svingen om utlandet som regleverket opnar for.
— Men vi må følgje med på kva som skjer rundt oss, sjølv om målet er at ein skal drive foredling av kjøt i Noreg, seier han.
Fatland er derimot blant dei aktørane i kjøtindustrien som går den omvende vegen og fører arbeidskraft inn i landet for å arbeide med kjøt.
Det er helst mindre aktørar i kjøtbransjen som har gjort bruk av det tollfrie smottholet.