Vil ta langarane

Politiet i Etne og Vindafjord hadde 67 straffesaker som omhandla narkotika i fjor, mot 44 […]

Politiet i Etne og Vindafjord hadde 67 straffesaker som omhandla narkotika i fjor, mot 44 året før. Men 2008 er nærmare normalen enn 2007.
Men ingen av sakene i fjor hadde så mykje narkotika involvert at det aleine ville ha gitt fengsel. Fengselsstraff kom som følgje av at fleire straffbare tilhøve var inne i bildet. Dei fleste sakene resulterte i bøter.

Forsyningsleddet
— Målet var å avdekkje 60 narkotikasaker i 2008, og vi har klart litt fleire enn det. Vi kunne sikkert fått fatt i fleire, men vi må vege det opp mot andre saker sjølv om narkotika er det mest alvorlege problemet saman med trafikk, seier lensmann Ingvar Gjærde i Etne og Vindafjord lensmannsdistrikt.
Han meiner dei er på eit akseptabelt nivå i å uroe narkotikamiljøet, og stiller spørsmål om dei skal bruke meir ressursar på å springe rundt og skrive ut bøter for bruk og oppbevaring av brukardosar med narkotika.
I staden for avdekke fleire brukarsaker enn i dag, er no prioritering nummer ein å få reist saker mot dei som står for forsyningsleddet av narkotika.

Vanskeleg jobb
— Signalet vi gir vidare til politimeisteren er at vi vil ta fleire bakmenn. Då må vi få eit breiare samarbeid med etterretningsavdelinga i Haugesund, og andre instansar, seier Gjærde.
Han meiner det er unntaksvis at kurerar har større mengde narkotika, men Gjærde meiner det skjer, og det vil politiet satse meir på å avsløre. Forsyninga kjem inn til distriktet både frå Haugesund, Bergen, Odda og Sauda, og blir distribuert i distriktet av lokale folk.
— Vi er på jakt etter både dei som frakter narkotika inn i distriktet utanfrå, og dei som bur her.
Gjærde seier det også er personar med det folk ser på som betrudde stillingar, som er med i forsyningskanalane.

Fryktar dødsfall
Lensmannen er bekymra for det han karakteriserer som eit hardare og meir brutalt narkotikamiljø.
— Opplysningar vi får inn tyder på eit hardare narkotikamiljø der personar som har tatt overdose er blitt redda. Det blir brukt meir sprøyter. Utviklar dette seg, er det berre eit tidsspørsmål før vi får det første narkotikadødsfallet, seier Gjærde. Det er alvoret bak kravet hans om at Etne og Vindafjord må få på plass ein felles SLT-koordinator så raskt som mogleg for å styrkje det førebyggjande arbeidet.