Vil tredobla arealet

— Eg vil tippa at prosjektet vil kome på omlag 40 millionar kronar. Det er […]

— Eg vil tippa at prosjektet vil kome på omlag 40 millionar kronar. Det er viktig å påpeika at det ikkje blir noko bygging dersom me ikkje får nokon som vil driva butikk i dei store forretningslokala. Me er dialog med fleire og har eigentleg god tru på at det skal gå i orden, seier haugesundaren Terje Lilleland i Totalinvest AS.

I dialog med kommunen
— Me har hatt førehandskonferansar med kommunen og har berre møtt positivitet der. No er me kome så langt i prosessen at me ventar på eventuelle svar på nabovarsla som me har sendt ut. Når dei er på plass, sender me over byggesøknaden til kommunen, seier Terje Lilleland.
Han er ikkje redd for at Etne blir metta av forretningslokale no som Etne Senter snart opnar dørene.
— Det er sjølvsagt spennande tider. Me eig sjølv den delen av Etne senter som Rema 1000 skal inn i. Men all min erfaring i denne bransjen tilseier at handel avlar handel, det fins det mange eksempel på. Dessutan har dette bygget ei eineståande plassering, seier han.

Spent på leilegheiter
Erfaring har Lilleland i massevis. Han er medeigar i Total Invest, og andre eigedomsfirma, og eig til saman rundt ti butikkbygg rundt omkring på Haugalandet og i Sunnhordland. Det han er mest spent på er om det finst ein marknad for sal av leilegheiter i Etne.
— I Haugesund er det svært populært å bu i leilegheit. Me vonar at dette vil bli gjeldande også i Etne, seier han.
Prosjektet inneheld 17 -18 leilegheiter med sjøutsikt, over tre etasjar og eit loft. I loftet er det planlagt tre leilegheiter.
— Leilegheitene er mellom 70 og100 kvadratmeter store, seier han.

Godt i gong
Total Invest AS har hyrt inn Opus Arkitekter i Haugesund, og resultatet er blitt ei vidareføring av meieriplassen sin funkisinspirerte stil.
— Total Invest AS ynskjer å utvida butikkarealet på Meieriplassen med eit forretningsareal i vestdelen av parkeringsplassen. I samanheng med dette vil ulike tilbygg fjernast og sjølve Meieribygningen vil framstå som fornya. Dei ynskjer også å bruka arealet mellom sjøen og vestfasaden på forretningsbygget til leilegheiter. På denne måten aktiverast ein elles død fasade av bygget, og arbeidet med ein strandpromenade kan vidareførast. Det er vår tru at prosjektet vil medføra ei oppgradering og forbetring av eksisterande miljø, og medverka til ei positiv tetting i Etne sentrum, uttalar sivilarkitekt Roald Bø i Opus Arkitekter.
— Når kan det nye bygget vera klart?
— Sjølve byggeprosessen vil ta omlag eitt år, og me må få alt godkjent av kommunen. Dersom alt dette går på skinner kan bygget stå klart sommaren 2008. Men som sagt, heile prosjektet er avhengig av at me får leigekontraktar på forretningsbygga, seier han.