Vil utbetre trafikksikringa

I løpet av sist vinter vart 700.000 kroner investert i uteområdet ved Ølen skule. Likevel […]

I løpet av sist vinter vart 700.000 kroner investert i uteområdet ved Ølen skule. Likevel kjem det signal frå foreldre at det er ting som må utbetrast. Ein av klagene kjem på at gjerdet som er einaste stengsle mot E 134, er altfor lågt. Rektor ved skulen, Tor Kalleklev, har eit høgt ynskje om å utbetre desse tinga, dersom kommune-økonomien tilseier det.
— Det å få eit høgt gjerde, på minst to meter, er noko som står høgt på ynskjelista. Spesielt i forhold til ballbingen er dette viktig, seier han.

Treng større trafikksikring
At skulegarden blir brukt til gang- og sykkelsti av både tobeinte og tohjulingar, både med og utan motor, er og noko som blir klaga på. Då uteområdet vart planlagt, la skulen inn ynskje om å få eit avgrensa område til gang- og sykkelsti. Dette ønsket vart ikkje bønnhøyrt av kommunestyret, og dermed er situasjonen vanskeleg i dag.
— Ein annan ting som er like trafikkfarleg, er at mange foreldre ikkje respekterer at det er ulovleg å kjøre inn på skuleområdet i skuletida. Me har kontakta politiet om saka, men det er endå ikkje blitt noko betre. Kvar morgon må ein lærar vera trafikkvakt for å unngå at ungane vert kjørte til døra. Sidan det ikkje er blitt noko betre vurderer me no å ha trafikkvakt også om ettermiddagen, seier Tor Kalleklev.
Eit anna klagepunkt frå foreldre har vore at eit leikeapparat som FAU har sett opp på dugnad ikkje er ferdig.

Ventar på sklie
— Me bestilte i første omgang ei sklie på fire meter. Då me fekk den såg me raskt at den ville bli for bratt, difor måtte me bestille ei ny. Den nye er endå ikkje komen. I september fekk eg beskjed om at eg ville få sklia om to veker, så ein kan trygt seie at ting tar tid, seier Kalleklev.
For å få fortgang i utbetringa av uteområdet skal eit utval, der både lærarar, foreldre og elevar er representert, setja seg ned og lage ein plan på korleis dei vil ha det. Komiteen startar sitt arbeid i mars, og truleg kjem arbeidet med å utbetre området i gong i løpet av våren. Målet med utbetringane er å auke aktiviteten på uteområdet og få betre trafikksikring.

Vil sjå på saka
Ordførar Arne Bergsvåg hadde ikkje høyrt om at det var behov for utbetringar ved skulen.
— Dersom det er ting på uteområdet som er i strid med lovar og reglar, er det klart at me må retta opp i det, seier Arne Bergsvåg.
Han oppmodar skulen om å melde inn behova slik at problema kan bli behandla politisk.