Vikedalselva er kjent som ei god aureelv, medan Etneelva går for å vera ei god lakseelv. I år har dette svinga litt. Men begge elvane har hatt ein laber sesong med lite fisk totalt. Som oftast er det fleire forklaringar på kvifor fisket sviktar. Men ver- og vassforholda i elvane er ein viktig faktor. Denne sesongen har forholda vore elendige.
Det er ikkje unaturleg at forholda i elvane svingar. Heller ikkje at fangsten går litt opp og ned. Det meste av dette er det ei naturleg forklaring på.
Fisken i elvane er truga frå mange kantar. Tidlegare var drivgarnsfisket ute i havet den store trugselen mot elvefisket. Laksen blei tatt før han kom inn til kysten og opp i elvane. Fleire smittsame laksesjukdommar har også tatt knekken på mange elvar. Men den «store stygge ulven» er oppdrettslaksen. Rømt oppdrettslaks er noko elveforvaltarane fryktar mest av alt. Ikkje berre drar den med seg sjukdom og lus som blir overført til villaksen. Den blandar seg også inn i forplantinga og kan på sikt øydeleggja dei ekte laksestammene.
Leiar i Etne elveeigarlag, Vidar Børretzen, slår nå alarm. Han fryktar at den meir enn 100 år gamle laksestamma i Etneelva står i fare for å bli utrydda. Dei siste dagane har dei fiska rømt oppdrettslaks i bøtter og spann frå Sunnhordlands-fjordane. Børretzen meiner at sikringa av oppdrettsanlegg er heilt ute av kontroll, og krev tiltak straks. Han etterlyser tiltak mot lakselus og system for gjenfangst av rømt oppdrettslaks.
Me forstår frykta til elveeigarane og alle som fiskar i og har interesse av å halda elva rein for oppdrettsfisk. Både lokalt og sentralt må det handling til for at ikkje nok ei lakseelv skal gå tapt.