Ville ikkje rikke PPT

Politikarar både frå Ølen og Vindafjord (formannskapa) snakka varmt om kor viktig det er med […]

Politikarar både frå Ølen og Vindafjord (formannskapa) snakka varmt om kor viktig det er med samarbeid med Etne, men når det kom til stykket var det uaktuelt å gi seg på Vikedal.
Fleirtalet meiner det hastar å kome i mål med kommunesamanslåinga, og med få unntak ville ingen rokke ved lokaliseringspakken som prosjektleiar Helge Thorheim har lagt fram. At Etne ikkje skal få kludre til og skape strid om interne tilhøve i nye Vindafjord, var også ein av melodiane.

Vikedal vedtatt
Rune Hetland (Vikebygd bygdeliste) understreka fleire gonger at det er viktig å kome Etne i møte for å få til samarbeid, og at nye Vindafjord har råd til å vere sjenerøse i PPT-spørsmålet. Då det kom til stykket stilte han seg likevel i spissen for fleirtalsforslaget (12-4) om å stå fast på kabalen der PPT skal til Vikedal.
Forslaget var sukra med at det skal leggjast til rette for kontor til konsultasjonar i Eiotunet i Ølen, og eventuelt andre stader dersom administrasjonen finn behov for det. I følgje Hetland skal det gjelde alle tenester, og ikkje berre PPT. Både sosialkontoret og barnevernet i nye Vindafjord skal til Vikedal.
Etter møtet sende prosjektleiar Helge Thorheim e-post til rådmannen i Etne der lokalisering ikkje var nemnt. Han viser til at ny modell ikkje er aktuell, og at nye Vindafjord arbeider for å få på plass nytt PPT-kontor til 1. august. Etne kan slutte seg til den eksisterande avtalen når det måtte vere ønskjeleg.

Omkamp frå Carlsen
Om dette er eit tydeleg nok signal til å få Etne tilbake på sporet, var det ingen debatt om. Det er i alle fall lite nytt som er lagt i bordet i høve til det som var kjent då Etne kasta samarbeidsavtalen på båten. Heller ikkje livbøya frå prosjektleiar Thorheim om at han ikkje legg prestisje i saka og vil vurdere den på nytt dersom plassering i Vikedal blir negativt for tenesta, er noko nytt.
Ordførar Arne Bergsvåg meinte lokalisering er blitt vikarierande argument for Etne, og at det handlar om samarbeidsmodell. Han sa det er krefter i Etne som vil ha omkamp og skauv lokalisering framfor seg.
På spørsmål frå Grannar peikar han ut Victor Carlsen jr. som initiativtakar til ein omkamp om samarbeidsmodell.
Carlsen har vore sentral i PPT-styret for Ølen og Etne i ei årrekkje, og han var sentral i debatten i kommunestyret i Etne.

Kritiske røyster
Debatten om samarbeidsform er eit tilbakelagt stadium for fellesnemnda i nye Vindafjord. Dei vil ha PPT-kontoret lagt under rådmannen og er ferdig med epoken med ei frittståande teneste.
I lokaliseringsdebatten gav Ottar Ohm (Tverrpolitisk liste for Skjold og Vats) og Dagfinn Torstveit (H) klar melding om at det beste ville vere å flytte PPT til Ølen. Både med tanke på brukarane, rekruttering til kontoret og samarbeidet med Etne.
— Eg åtvara sterkt i arbeidsutvalet mot denne lokaliseringa. Dersom vi hadde bede om samarbeid, hadde vi nok reagert like sterkt om Etne plasserte tenesta i Skånevik. Vi ser ein spire til samarbeid med Etne og den må vi ta vare på ved å plassere PPT i Ølen, sa Ottar Ohm.
Høgre (3) og Tverrpolitisk liste var aleine om å stemme for forslaget som plasserte PPT-kontor i Ølen.