Vindafjord får sin første skulptur

Kunstnar Jan Terje Rafdal har fått oppdraget med å lage ein skulptur i granitt og […]

Kunstnar Jan Terje Rafdal har fått oppdraget med å lage ein skulptur i granitt og betong til tusenårsstaden i Vindafjord. Dette blir den første skulpturen i kommunen. Kring kunstverket skal det lagast til ein park på plassen framfor rådhuset i Sandeid.
— Det skal bli ein møteplass, slår kulturleiar Eva Kalstveit fast.

Inspirert av solur
Ei arbeidsgruppe sett saman av representantar frå kommunen og frå det lokale kunstlivet har jobba med planane ei stund, og det er semje om at tusenårsstaden skal få eit framtidsretta, moderne og nyskapande preg. Nyleg blei også arkitekt Arne Tveit kopla inn i arbeidet. Han er i ferd med å teikne skisser over parken, og han skal også teikne ein paviljong.
— Eg har laga nokre enkle skisser over kva ein paviljong kan vere. Ein tradisjonell åttekanta paviljong passar ikkje inn. Me har tenkt på amfitrinn med eit halvsirkelforma bygg over, forklarer Tveit.
Utfordringa blir å integrere paviljongen i forhold til kunstverket. Målet er at folk skal kunne sitje i paviljongen og oppleve lysspelet frå skulpturen.
Rafdal ser for seg ein båtforma skulptur plassert på ein sirkelforma platting, der lyset skal vandre rundt. Eit hol i skulpturen skal nemleg sleppe sollys gjennom, og det skal skape spennande ellipseforma mønstre på plata. Det er soluret, der lys og skugge viser tida, som har inspirert han.
— Eg har vore innom ulike former, men enda opp med ei båtform. Estetisk sett er det ei fin form, seier Rafdal, men kommenterer at den jo også er symbolsk for rørsle.
— Lyset kjem til å variere med årstidene. Om våren vil skulpturen vere veldig fin, spår kunstnaren.

Noko annleis og enkelt
Målet er å få til noko annleis enn det tradisjonelt historiske folk ofte assosierar med tusenårsstadene. Samstundes vil kunstnaren bruke enkle symbol.
— Lyset er eit viktig element i det med tida. Skulpturen skyt seg oppover, og sånn sett er det noko optimistisk ved den. Verken ellipse-, sirkel- eller båtformene som eg brukar har noko revolusjonerande ved seg, framhevar han.
Ei utfordring blir å finne rette vinkelen i plasseringa av skulpturen på plata, for å få lyset til å kome fram på rett måte. Rafdal poengterer at han er svært glad for å få jobbe saman med ein arkitekt. Tveit fortel at han har jobba med prosjekt tidlegare der det bygningsmessige har blitt tilpassa kunsten.

Framtidstankar
Men endå er ikkje alle aktørane involverte i prosjektet.
— Me skal engasjere 10. klassingane i kommunen til å skrive framtidstankar på skulpturen, seier kulturleiar Kalstveit.
Ho fortel at det også skal lagast gangstiar inn mot skulpturen. Ho håpar parken vil bli mykje brukt, og at den kan bli arena for ulike arrangement. Målet er å få parken ferdig i løpet av juni, og kulturleiaren trur dei skal klare seg med dei pengane dei har så langt: Staten har sponsa kommunane med 120.000 kroner for å lage tusenårsstader innan dette året er omme, og i tillegg gjev Haugaland Kraft 50.000 kroner og kommunen støttar med 20.000 kroner. Folk frå Sandeid fengsel skal bygge paviljongen, og andre sponsorar er på trappene.
— Det er på tide at me får til dette no før me legg ned kommunen, kommenterer ei nøgd Kalstveit.