Vindafjord IL sender tre lag til Norway Cup

Vindafjord IL har lenge hatt tradisjon for å senda smågute- og småjentelaget sitt austover. Annakvart […]

Vindafjord IL har lenge hatt tradisjon for å senda smågute- og småjentelaget sitt austover. Annakvart år. Sidan 2004 var siste gongen dei hadde lag med, er det duka for Norway Cup-premiere for ein heil gjeng med unge Vindafjord-spelarar denne sommaren.
— Dette året reiser også ein gjeng med gutespelarar. Dei hadde det så moro for to år sidan, at dei berre måtte få lov å reisa ein gong til. Og slik vart det. Med god nabohjelp frå Ølen, fortel Tor Ole Solheim, lagleiar for smågutelaget. Ein gjeng som vil få nok å henga både bein og fingrar i når cupeventyret startar. Dei har nemleg hamna i pulje med Eidskog, Holmen og Acas Football frå Kamerun. Sistnemnde kan visa seg å bli eit minne for livet.
Svært sosialt
— Me har ikkje dei store sportslege ambisjonane med denne gjengen. Resultata våre i den heimlege serien er nok ikkje eigna til å skremma korkje afrikanarar eller austlendingar, smiler Solheim, og fortel at spelarar og foreldre har vore flinke til å samla inn pengar. For det er eit stort økonomisk løft med tre lag til Oslo.
— Det har vore kakelotteri og dugnad under Kystkulturdagane i Sandeid og Ølmedal Rundt. Me skal også vera med under Rootsfestivalen. I tillegg har me ein stor basar til hausten, og ei eiga turnering for unge lag i august, fortel Solheim. Under sjølve turneringa skal spelarane bu på Jordal skule, medan mange av dei vaksne som følgjer med har booka seg inn på Ekeberg Camping.
Også Etne sitt dyktige 16-årslag skal til Oslo. Der møter dei mellom anna McLean Youth Soccer frå den amerikanske delstaten Virginia. Ein klubb med nærare 4.000 spelarar.
Er attende
— Det står nok litt i kontrast til vår kvardag. Me har ikkje meir enn 13 spelarar som kan brukast under turneringa, og ambisjonane er ikkje dei aller største. Trur me satsar på B-sluttspelet, seier trenar Vidar Aastvedt. Han skulle gjerne ha lånt nokre av gutane på klubben sitt 15-årslag, men dei er på Dana Cup til etter at Norway Cup er starta.
Skjoldar hadde med eit sjuar-lag i fjor, og skal attende til Oslo med eitt også i år. Trenar Bjørn Wannberg gler seg saman med gutane sine. Og meiner det er absolutt best for dei å spela sjuar-fotball.
— Spelarane er komne i ein slik alder at det er både sommarjobb og speidarleir å ta omsyn til. Difor får me ikkje med oss alle, og då er sjuar-fotballen eit flott alternativ for eit bygdelag som oss, meiner Wannberg.
GrannKam/Vindafjord er påmeldt med eit juniorlag, men fotballformann Leif Kro reknar det som heilt sikkert at laget ikkje stiller.
— Me har berre ikkje nok folk. Trist, men sant.
PS! Samtlege lag frå Vindafjord IL møter til kamp i Oslo med nye drakter. Hovudsponsor Coop har nemleg utstyrt 250 av dei 1.500 laga som er med på turneringa med trøyer, shortsar, sokkar og markørvestar. Så har dei iallfall hatt bra utteljing før turneringa startar.