Vindafjord slit med underskot

Rådmannen ber formannskapet ta grep med varige verknadar når dei kjem saman 20. mai. Han […]

Rådmannen ber formannskapet ta grep med varige verknadar når dei kjem saman 20. mai. Han ønskjer at det blir sett ned ein politisk komité som får i oppdrag å kome med framlegg som skal gi auka varige inntekter, og som skal minske varige utgifter i ein storleik på frå seks til åtte millionar kroner.
Rådmannen vil også ha utgreidd overgangen til eitt bibliotek i kommunen. Denne saka vil han ha lagt fram til hausten.

Strakstiltak
Som strakstiltak gjer han framlegg om at einingane fordelar ein sum på to millionar kroner. Dette vil bli eit generelt ostehøvelkutt på 0,5 prosent i alle einingar, til saman 2 millionar kroner. Han aukar også skatteoverslaget med ein million kroner. Frå før er skatteanslaget auka med 1,5 millionar kroner. Med eit auka skatteanslag på 2,5 millionar for 2008, vågar dei ikkje auke dette meir, seier rådmann Øyvind Valen og økonomisjef Ove Eidsheim.
Grunnen til at Vindafjord kommune sit igjen med eit så stort forventa driftsunderskot for 2008, er mange. Ei total oversikt over forbruket så langt i år, visar at einingane held seg innanfor budsjetterte rammer, men både rådmannen og økonomisjefen, meiner kommunen må greie ei billegare drift.

Usikre tal
— Kommunen har for høge utgifter i forhold til inntektene. Det kan vi ikkje kome utanom, seier dei begge.
Ein del usikre tal ligg også til grunn. Lønsoppgjeret er budsjettert med fem prosent auke, noko som ganske sikkert er for lågt. Det er også knytt uvisse til pensjonsutgiftene. Renteutgiftene har også auka meir enn forventa då budsjettet vart vedtatt. Desse ser ut til å bli rundt 2 millionar kroner høgare enn kalkulert. Rammetilskotet er også blitt mindre i og med at det er 27 færre innbyggjarar i kommunen enn året før. Dette gir eit rammetilskot på 1,3 millionar kroner mindre enn i budsjettet.
Nå set økonomisjef Ove Eidsheim og rådmann Øyvind Valen sin lit til ei ny folketelling 1. juli. Dei meiner at ei folketelling på det tidspunkt vil vere meir rettferdig for utrekninga av økonomiske tilskot.

Skatt og skule
— Det administrative bemanningsbehovet både i sentralstaben og ute i einingane er nå så lågt at det er vanskeleg å sjå for seg løysingar utan at ein tyr til strukturelle endringar. Difor vil det vere ønskjeleg med ei politisk involvering, seier rådmann Øyvind Valen.
Slik det er nå, må han halde seg til vedtaka om både eigedomsskatt, skulestrukturen som ikkje skal rørast, at kommunen skal ha to svømmebasseng i drift, og det å oppretthalde to kjøken ved institusjonane. Kommunen har også ei utfordring når det gjeld den stramme arbeidsmarknaden.
— Det er stor konkurranse om den arbeidskrafta ein treng i einingane, og kommunen tapar i høve til det privat sektor kan tilby. Kommunen har gjort vedtak om store investeringar framover til dømes kloakkutbygging, men det er uråd å få tak i personell til å få utført dette. Løysinga blir då at ein enten ikkje får utført oppgåvene, eller må kjøpe tenester frå private til ein høgare pris, seier Valen.