Vindafjord treng meir tid til politikk før valkampen startar

Men ansvar er ikkje det som slår oss først når me ser det «sirkuset» sentrale […]

Men ansvar er ikkje det som slår oss først når me ser det «sirkuset» sentrale partipolitikarar har stelt i stand i det siste. Med politiske leiarar som fører offentlege kranglar på «barnehagenivå» og hoppar mellom samarbeidspartnarar som partivelgjerar i beste fall finn litt underleg, er det kanskje naturleg at partia har trong for å få fokus litt vekk frå sin eigen politikk. Då kan jo bygdelistene vere kjekke å ha. Men det hadde vore meir fruktbart heller å diskutere politikken som bygdelistene føre.
Me har i haust to store, viktige og utfordrande politiske saker å konsentrere oss om: budsjett/økonomiplan og ikkje minst arbeidet med kommuneplan. Oppfordringa er difor å vente med valkampen og heller bruke krefter på å finne fram til dei beste politiske løysingane for innbyggjarane i kommunen vår.
Til og med leiaren i Grannar kastar seg i valkampen: «I tillegg skal tre bygdelister vera med på laget, noko som ikkje er like enkelt når deira hovudmål er å jobba for sine bygder. Men også dei må sjå at kommunepolitikk handlar om at ein i fellesskap skal finna fram til dei gode løysingane som gjeld heile kommunen.» (Sitat frå leiar 20.11.06).
Det er heilt supert at lokalavisa deltek og har meiningar i den politiske debatten. Men frå vår fremste observatør i lokalpolitikken må me kunne håpe på meir enn «tabloide» påstandar. For dei velgarane, om lag 25 prosent av røystene, som stemde på bygdelister sist val er det sikkert interessant å vite kva politikk Terje Kleiven, Ingrid Steinsland og Rune Hetland fører i formannskapet som gjer at Grannar må minna dei om at «også dei må sjå at kommunepolitikk handlar om at ein i fellesskap skal finna fram til dei gode løysingane som gjeld heile kommunen».
Når Vindafjord kommune inviterer innbyggjarane til å seie si meining på grendamøter finn bygdelistene det både nyttig og sjølvsagt å møte opp i alle grendene. Langt får alle partigrupper har gjort det same. Prioriterte Grannar å dekke folkemeiningar frå alle grendene?

Bjørn Johannessen