Vindafjordøkonomien

Det bør imidlertid strekast under at å retta opp ein skakkjørt kommuneøkonomi, – etter stor […]

Det bør imidlertid strekast under at å retta opp ein skakkjørt
kommuneøkonomi, – etter stor pengebruk gjennom nittiåra, har ikkje vore gjort over to år. Som vindafjordingar flest har opplevd så har me over ei årrekkje måtta tåla heller dramatisk omlegging av kommunen si verksemd. Det gjeld i skulestruktur så vel som innan omsorg, og ikkje minst i administrasjonen. Ikkje alt populært, og til dels etter stor politisk turbulens, men syner nå att i betre balanse.
Det kravde djerve grep og hard kur dei første åra etter årtusenskiftet, ved eit oppegåande kommunestyrefleirtal, frå sak til sak, og ein administrasjon med ein fantastisk budsjettdisiplin.
Vendinga kan difor vanskeleg tilgodeskrivast dagens Ap/Sp-koalisjon. Denne har heller gjennom desse åra vegra seg mot å bera belastninga med ein del av dei nødvendige grep som har vore gjort.
Dei kommande år krev vilje til å møta nye utfordingar på ein måte som kan skapa fellesskapkjensle og vekst i nye Vindafjord. I så måte set eg større håp til fellesskap med nye Sp i syn og visjon for framtida enn til dagens koalisjonspartnar.

Oddvar Haugland,
ordførarkandidat for KrF