Vindafjordstemnet på Fikse

Vindafjordstemnet er eit ope stemne der alle kan melde seg på, og med over 110 […]

Vindafjordstemnet er eit ope stemne der alle kan melde seg på, og med over 110 førehandspåmelde til stemnet, såg det lyst ut med deltakarar på søndag. Heile 146 skyttarar i alderen 10 år og opp til 85 år frå 45 forskjellige lag frå heile
Nord-Rogaland og Sunnhordland tok turen til Fikse skytebane.
— Me har hatt bra nivå i dag, og mange gode resultat trass i at det er ein vanskeleg bane å skyta på, seier Egil Berakvam i Vindafjord skyttarlag.
Roald Fjelde og sonen Bjørn var to av skyttarane som kom frå Jørpeland til Fikse for å skyta.
— Det har vore ein bra dag og eit flott stemne, seier Roald Fjelde, som i hovudskytinga enda på andre plass med 231 poeng i klasse 3. Dei lokale skyttarane gjorde det også bra. Svein Magne Stokkevåg frå Vindafjord skyttarlag vann klassen sin med 245 poeng i hovudskytinga. I same klasse enda Eivind Lien frå Ølen på tredjeplass med 239 poeng, medan Kai Espen Jekteberg skaut seg inn til fyrsteplass klasse 4 med sine 239 poeng. I lagskytinga vart det også lokal siger då Vindafjord-laget med Svein Magne Stokkevåg, Egil Berakvam og Kai Espen Jekteberg vann med 426 poeng samla, fem poeng før Bømlo.
Opprusting med nytt utstyr
Vindafjord skyttarlag er i gang med opprusting av skytebanen sin i Vats, og har ei stund hatt 100-meteren klar med nytt moderne elektronisk utstyr. Dersom dei får den stønaden dei har søkt kommunen om, kan dei også starte jobbinga med å byggje opp 200-meteren med nytt utstyr.
— Me ventar på svar frå kommunen, og om me får det me har søkt om, vil me også få bra stønad gjennom tippemidlar, seier Egil Berakvam.
Skytestemnet på søndag var ei prøve for skyttarlaget for å lære seg korleis dei skal handtere systemet.
— Me fekk leiga skytebanen her slik at me kan prøve oss på korleis systemet fungerer, og korleis me skal arrangere eit stemne når me får opp utstyret vårt i Vats, seier Egil Berakvam. Tore Østebøvik frå Ølen skyttarlag var ein av dei mest sentrale personane som hjelpte til då skytestemnet skulle avviklast. Han har ansvaret for det elektroniske systemet og var på plass for å læra opp arrangørane frå Vindafjord skyttarlag.
— Han har vore til stor hjelp for oss, og me hadde ikkje kome langt med dette systemet utan han, seier Berakvam, som seier stemnet vart avvikla med god hjelp på ein fin måte og utan problem. Vindafjord skyttarlag vil også takka Ølen skyttarlag for god hjelp og leige av skytebanen.