Turløypene var lagde til ni stader i den nye Vindafjord, og på kvar fjelltopp fann deltakarane eit kodeord. Dei som fann alle ni kodeorda var med i trekning av fire gåvekort.
I juniorklassen fekk brørne Jørgen og Ådne Solheim frå Vikedal kvar sin pengesjekk. Blant dei vaksne var det Helga K. Egge frå Skjold og Rune Johansson frå Skånevik som hadde lukka med seg i trekninga.
— Premiar gjev ekstra motivasjon for dei som likar å ta seg ein tur i fjellet. I tidlegare friluftskampanjar fokuserte me meir på bratte bakkar, men denne gongen fann me også turløyper som passa til heile familien. Då var det mindre krevjande å komma seg ut i fjellet med ungar. Det viktigaste ved denne kampanjen er at folk finn gleda i å gå tur og vert kjente med dei flotte stadene me har i vår nye kommunen, opplyser konsulent i Servicetorget Berit Hetland.
Til saman var det 119 som deltok i trekninga, blant dei var det 8 under 15 år.
Vindafjord kommune er ein av dei fire «Frisk i friluft» kommunane på Haugalandet som får midlar frå Fylkeskommunen til å satsa på friluftslivet.
Vinnarane av fjelltopp-lotto
Turløypene var lagde til ni stader i den nye Vindafjord, og på kvar fjelltopp fann […]