Vinterens store mål er VM i USA

— Eg er godt fornøgd med det eg presterte på Hedmarken. Det var oppløftande med […]

— Eg er godt fornøgd med det eg presterte på Hedmarken. Det var oppløftande med tanke på at det var så tidleg i sesongen. Eg er mest tilfreds med at eg ikkje var meir enn åtte sekund bak Kjartan Haugen, seier Andreas Hustveit til Grannar. Haugen har dei siste åra henta heim den eine gullmedaljen etter den andre i internasjonale meisterskap. Hustveit er innforstått med at det også denne vinteren kjem til å bli vanskeleg å slå trøndaren, men reknar med at det skal by seg fleire sjansar. Han har ikkje vore så godt førebudd på tre år. Då blei det olympisk gull i Salt Lake City.
Langsiktig mål
Den bragda har han lyst til å kopiere i Torino i 2006. Meisterskapet i Italia er det langsiktige målet for friskusen. VM og verdscupen er dei arrangementa han satsar mest på i vinter. Andreas skal kjempe om verdscup-poeng både i Italia, Sveits og Austerrike før han vender blikket mot VM i USA. Han håper å vise seg fram frå si beste side på den andre sida av dammen. Han er innforstått med at det vil bli hardt å hevde seg der. Nivået i internasjonal handikapidrett er høgt.
— Eg satsa ikkje for fullt førre sesong. Det førte også til at eg fekk problem med å hevde meg. Du må vere topp motivert for å klare å følgje dei beste, seier han som er på landslaget. Andreas er full av lovord om opplegget der. Rammevilkåra er gode sjølv om dei ikkje har like mange samlingsdøgn som Frode Estil og eliteløparane. Ein gong i månaden samlast Hustveit og dei norske VM-håpa. Dårlege snøforhold kan bli ein utfordring for Hustveit dei kommande vekene.
Saknar snø
— Det har vore meir sommar enn vinter i Ølen den siste tida. Eg har heldigvis ein grei og fleksibel arbeidsgivar. Det gir meg høve til å ta fri i samband med renn og samlingar. Men det er både kostbart og tungvint å bruke mange timar på å oppsøkje snøen når eg skal trene, seier Hustveit. Han synest ikkje det er spesielt motiverande med løping og rulleski når sesongen er i gang. Då vil han helst benytte skiene. Noregscuprenna i Trondheim vil bli neste store oppgåve for Hustveit, som innkasserte to andreplassar i dei nasjonale renna i Veldre.