Vinterleir med breidde

— Det er morosamt fordi eg får masse nye venner, seier Linda Johansen (12) frå […]

— Det er morosamt fordi eg får masse nye venner, seier Linda Johansen (12) frå Ølensvåg, om vinterleiren som blei arrangert i Etne frå torsdag til søndag.
12-åringen er eitt av dei ferskaste medlemmene til Etne Kyokushin Karateklubb, og har berre trena karate i eit par veker.
Med både mosjonistar og seriøse utøvarar som satsar knallhardt, var det ei god blanding av karateutøvarar frå heile landet som samla seg i Etne frå torsdag til søndag.
— Det er litt spennande for dei yngre å få møta og trena med dei meir aktive og det er interessant for landslaget også, seier Tom Sølve Erga, som saman med Geir Havreberg trenar landslaget.

Sin eigen motstandar
— Dette er breiddeidrett. Her kjempar ein kun med seg sjølv, seier Frode Robberstad i Etne Kyokushin Karateklubb. Etter 15 år med karaten på hylla, har han nå trekt i karatedrakta igjen.
— Det er viktig med breidd. Det er ein idrett ein kan driva på med om ein er gammal, seier Geir Havreberg, leiar i Etne Kyokushin Karateklubb og hovudtrenar på landslaget.
Omlag 90 karateutøvarar var på plass i Etne i helga der omlag ti av desse høyrer til landslaget.
Etne har i over 20 år hatt eit aktivt karatemiljø, og fleire etnebuar har markert seg både nasjonalt og internasjonalt.
— Det ser bra ut med rekrutteringa, men me har ikkje så mange landslagsutøvarar nå, seier Havreberg.

Fersking på leir
Karate er ein idrett med eit strengt hierarki og hard disiplin. Linda Johansen (12) lar seg ikkje skremma av sitt ferske møte med idretten. Laurdag blei utøvarane vekte kl. 5.30 og måtta stilla til trening kl. 7. Og då var treninga utsett, for den skulle eigentleg byrja kl. 6.
— Eg har alltid ønska å driva med karate for eg syns det såg veldig gøy ut. Det er kjempegøy, seier Linda.
Vinterleiren i Etne blei arrangert for første gong i 2000, og har med eitt unntak vore fast på programmet sidan då.
— Det er den nest største vinterleiren i Europa. Berre Polen sin er større. Til samanlikning har Noreg 2.000 karateutøvarar, medan Polen har 14.000, seier Havreberg.

Blei med dottera
Ole Johansen (48), styreformann i karateklubben i Etne, er beviset på at idretten også kan lærast i vaksen alder. Han byrja med karate for sju år sidan.
— Eg har alltid vore fascinert av asiatisk kampsport, og då dottera mi byrja, blei eg med, seier han.
Dottera slutta, men Johansen har halde fram. I dag har han brunt belte, og heile helga var han i aksjon.
— Etterkvart som tida går og eg forstår meir av sporten, blir det meir inspirerande å trena, seier Johansen.