Viril og spontan i huspremiere

— Dette har vi i Himkok venta på i mange år. Det blir kjempekjekt å […]

— Dette har vi i Himkok venta på i mange år. Det blir kjempekjekt å spele revy med nytt amfi, seier Bente Stene.
Ho er leiar for revygruppa Himkok som har premiere på revyen «Viril og spontan» neste laurdag. Saman med styremedlem Gerd Irene Kvamen Clausen i Ølen samfunnshus og leiar for representantskapen, Peder Lothe, får Stene prøvesitje i amfiet dagen etter at den siste skruen var skrudd fast.

Raud tråd
Revyen markerer ikkje berre opninga av amfiet, men ikkje uventa også at Ølen og Vindafjord er blitt ein kommune. Den raude tråden er trekt med namnet «Viril og spontan». Slagordet for Vindafjord er som kjent «Sentral og vital».
Naturleg nok er steinmuren ved det nye rådhuset ein ny kulisse i år; det nye landemerket blir også kalla klagemuren på folkemunne.
— Overgangen til ny kommune gjenspeglar seg. Samanslåinga blir ein viktig ingrediens i revyen. Det blir song og musikk, og hemmelege gjester, fortel Stene som deler revysjefansvaret med Helga Ur Haugen.
Himkok har ultralokale revyar som varemerke, der originalar i Ølen sentrum og der omkring har prega mang ein revy. I år må dei utvide den lokale horisonten litt i ein ny kommune.
— Tidlegare er det mest Etne som har fått spit, men no har vi utvida horisonten litt. Og ikkje minst skal vi halde litt løye med oss sjølve, seier Stene.

Hyllest til originalane
—Revyen er også ein hyllest til originalane i bygda. Det fine er at det kjem stadig nye. Det er framleis ei ære å bli parodiert, og vi har mange kjende personar å gripe fatt i, seier Stene.
Himkok var i manesjen under samanslåingsfesten i januar, men materialet som vart brukt der, er fornya og endra på. Med om lag 20 innslag blir det halvannan time med trimming av lattermusklar i samfunnshuset.
Instruktør er Irene Halseid som har lang erfaring frå teatermiljøet i Haugesund.
— Vi har tørka støvet av fleire veteranar både på og bak scenen. Frans Fransson, Torgeir Eidhammer og Otto Aalmo er med på å prege revyen på ulike måtar, seier Stene.

Lagarbeid
Men Himkok er først og fremst lagarbeid, i følgje Bente Stene. Også når det gjeld idear og tekstar til revyinnslag. I alt 15 har vore med i denne delen av revyarbeidet. Rundt 35 personar er i sving for å få alle brikker til å stemme på Himkok-revyen.
— Vi har bestemt at overskotet frå framsyningane skal gå til amfiet. Vi vil vere med og bidra med det vi kan, seier Bente Stene.
Leif Gunnar Gundersen reknar med at godt over tusen menneske vil sjå revyen i år. Han er både leiar for husstyret i Ølen samfunnshus og aktiv i revyen. Det blir tre framsyningar, pluss ein lukka versjon som West Contractors og Vassnes Elektro inviterer medarbeidarane til.
— Litt ekstra blir det nok i år med det nye amfiet. Folk er sikkert litt nysgjerrige. Himkok pleier å trekkje rundt tusen menneske til ein revy, seier Gundersen.