Viste eit levande musikkmiljø

— Eg synest det gjekk knallbra, seier Even Handeland (13), vokalist i The Local Heros, […]

— Eg synest det gjekk knallbra, seier Even Handeland (13), vokalist i The Local Heros, etter at dei hadde vore på scena.
Laurdag gjekk Ungdommens Kulturmønstring (UKM) av stabelen i Etne for andre året på rad. The Local Heros opna arrangementet og framførte tre songar av høvesvis U2, Green Day og ein sjølvlaga låt som Even og Lasse Grindheim (14) har skrive.
— Det handlar om ein som mistar vennen sin. Han blir mobba og har det ikkje godt, seier Simen Adolfsen (13), bassist i The Local Heros.
Bandet har spela saman i halvt-anna år og har etterkvart fått god sceneerfaring.
— Det er kjekt å delta og det er bra at det blir laga til noko slikt i Etne, seier Even.

Håper på fleire
Sju musikalske innslag og fire utstillingar stod på programmet for dei som hadde møtt fram på Fugl Fønix. Konferansier Sondre Sørheim geleida publikum gjennom programmet.
Blant innslaga var Donna Silje Skogen (17) som framførte stemningsfull pianomusikk med songen «Right Here» av Richards Marx , Panzerwagen stod for den gamle slageren «Forelska i lærer`n» av The Kids og jentebandet med Yvonne Engelsgjerd (13), Carina Pedersen (13) og Vivian Stokkedal (11) framførte «Alive» av P.O.D. Dei hadde berre spela saman to gonger, men stilte likevel sporty opp.
UKM-ansvarleg Vegar Øyfoss vedgår at han må pusha litt på for å få dei unge til å bli med, men trur UKM må bli litt meir kjent i Etne.
— Det er heilt nytt så det sit litt hardt inne å bli med. Det krev at eg må dra hardt i dei, men dei som er med blir med til neste år også. Håpet er at dess fleire som ser det, dess fleire blir inspirert og ser at det ikkje er så farleg, men får lyst til å vera med, seier Øyfoss.

Saknar dans
— Det å møta andre, sjå kva andre held på med, bli inspirert og læra seg noko, det er det UKM handlar om, seier jurymedlem Nils Halleland.
Både Øyfoss og Halleland påpeikar at dei saknar meir breidd i programmet.
— Me veit at det er eit aktivt turnmiljø i Etne og eg oppfordrar dei til å bli med slik at me kan få eit danseinnslag neste år, seier Halleland.
I tillegg til The Local Heros, sende juryen bandet Homosapiens, som består av Espen Heggelund (18), Ina Rostrup (17), Even Utstrand (17) og Lasse Åsbø (17), vidare til fylkesmønstringa. Også Tor Christian Engdahl (17) gjekk vidare med skulpturen «Skho Saale- et offer for joggebølgen». Fylkesmønstringa går av stabelen i Bergen første helga i april. Fylkesvinnarane går vidare til landsfinalen i Trondheim 26.-28. mai.
I tillegg til Halleland, sat Kent Nymann, Linn Heidi Stokkedal, Sverre Eikanger og Erik Kvalheim i juryen.