Vurderer å trekkje seg

Det er andre året på rad at årsmøtet i Skånevik Vannverk blir avvikla på ei […]

Det er andre året på rad at årsmøtet i Skånevik Vannverk blir avvikla på ei heilt anna tid på året enn kravet i vedtektene. I 2004 blir det ikkje halde årsmøte i det heile, men styreformann Geir Olsen garanterer at det blir avvikla i løpet av januar 2005.
Venta på rekneskapen
Vassverket har i mange år vore prega av alt anna enn idyll, og rotet omkring formalitetane i bygda sitt lutlag, blir også sett på som at det er ugler i mosen. Selskapet har hatt to styremøte i 2004.
— Vi har venta på rekneskapen frå Tveit Regnskap og den kom i midten av oktober. Det er hovudforklaringa på at dette har dratt ut. I tillegg er det ein merknad frå revisor vi må ordne opp i. Dette arbeidet er no ferdig, men det blir for knapp tid til å gjennomføre årsmøtet før jul. Eg trur ikkje medlemmene er interesserte i å bruke juleinnspurten til det, seier styreleiar Geir Olsen.
Revisormerknaden går på at medlemmene har betalt inn forskjellige andelar. Dagens lut er ti gonger større enn då vassverket starta etter siste krig. Vassverket tar difor av vassavgifta for å fylle opp gamle andelar til dagens nivå.
Rettssak
— Det er ein praksis tidlegare styre har hatt, og medlemmene vil ikkje merke noko økonomisk når det no blir ordna opp, forklarer Olsen.
Konsekvensen blir derimot at vassverket vil gå med underskot i driftsbudsjettet fordi inntekter blir overførte til eigenkapital. Olsen meiner det ordnar seg over tid.
Ein av konfliktane i vassverket er striden om leigebetaling til Milje gard. Årsmøtet for over eitt år sidan sa at det skulle vere eit ekstraordinært årsmøte for å vurdere anken til Gulating lagmannsrett. Men no har det verken vore ekstraordinært eller ordinært årsmøte i 2004.
Vurderer å trekkje seg
— Styret må drøfte om dette spørsmålet skal opp. I følgje vedtektene skal styret bestemme slike saker. Men eg ser at det kan bli for mykje ris til eigen bak å la vere å ta det opp på årsmøtet, seier Olsen.
Styreleiar Geir Olsen står ikkje på val, men han vurderer å trekkje seg på årsmøtet i januar.
— Eg er mykje på reiser i jobben og arbeidspresset er blitt stort. Også private tilhøve tel med når eg skal bestemme meg. Det har vore eit større press å vere styreleiar i vassverket enn folk trur, seier han.