Westcon mot nye høgder

— Me har ein veldig aktivitet nå. Me kjem til å ha eit rekordår i […]

— Me har ein veldig aktivitet nå. Me kjem til å ha eit rekordår i omsetning i år, og me nærmar oss ein milliard i omsetning. Det same nivået vil me ligga på til neste år, seier dagleg leiar Øystein Matre ved Westcon.
— Me er ein del av eit verdsbilde der det er frykteleg travelt, seier Matre.
25 år har gått sidan Westcon såg dagens lys då elleve verksemder i høvesvis Etne, Ølen, Vindafjord og Tysvær gjekk saman og danna eit selskap, hovudsakleg for utleige av tilsette og tenester til Kårstø-utbygginga.
Etter utbygginga blei samarbeidet ført vidare, og brørne Noralf, Arne og Øystein Matre kjøpte majoriteten av aksjane i 1988.
Måndag feira dei tilsette jubileet med kake, men det er lita tid til å filosofera over dei åra som har gått. Det er framtida som gjeld.
— Me har ikkje tid til å tenka så mykje på det, seier Øystein Matre.
Gode framtidsutsikter
Etter laber aktivitet i 2005 og ei omsetning på ca. 400 millionar kroner, har trenden snudd i inneverande år og aktiviteten er i ferd med å nå nye høgder. Framtida ser lys ut.
— Iallfall dei nærmaste åra, seier Øystein Matre.
— Det er sjeldan det er så langsiktig som nå, seier driftsleiar Arne Matre.
Med 230 tilsette er Westcon ei hjørnesteinsbedrift i området. Den høge aktiviteten i oljeindustrien gjer at det er manko på fagfolk i Noreg, og 50 polske er tilsette i Westcon.
— Hadde me ikkje fått tak i arbeidskraft i utlandet, hadde mykje av denne aktiviteten som nå skjer i Noreg, heller skjedd i utlandet, meiner Arne Matre.
I hovudsak er det arbeidarar frå Danmark, Sverige, Polen og Litauen som kjem til Westcon. Også Skottland og Færøyane er ofte representerte. Westcon har i dag 288 brakkeplassar, og skal nå utvida til 376.
Brørne Øystein, Arne og Noralf Matre eig ca. 88 prosent av aksjane i selskapet, medan dei tre andre søskena, Reidar, Gunnlaug og Aud Signy, eig resten. Aud Signy Berge er den einaste av søskena som ikkje jobbar ved Westcon.
— Korleis går det å vera ei familiebedrift?
— Stort sett går det bra. Det hender vel me har ulike meiningar om saker og ting, men me har evna til å bli samde og då støttar me opp om avgjerda me kjem fram til, seier Øystein Matre.
— Det me er samde om er at det ikkje er eigeninteressa, men bedrifta si interesse som er avgjerande, supplerer Arne Matre.
Heile tida må ein vera skjerpa for å henga med i bransjen.
— Me prøver å vera best i bransjen vår og prøver å investera i det beste utstyret, seier Arne Matre.
Trivnad og kompetanse
— Me sørgjer for at me har ein god produksjonsstab. Det viktigaste me har, er menneska som jobbar her, seier Øystein Matre, som også er bevisst på næringslivet si rolle i lokalsamfunnet.
— Næringslivet må legga ting meir til rette for at folk skal trivast på landsbygda enn det som er nødvendig andre stader.
Øystein Matre meiner at framtida for Westcon avheng om dei klarer og utvikla kompetansedelen og spissa den.
— Det er avgjerande for oss framover. Det er viktig å bygga opp kjernekompetanse både på ingeniør- og operatørsida. Det er ei utfordring i dagens samfunn der det aldri har vore så stor kamp om attraktiv arbeidskraft som nå, seier han.
Open dag
Jamvel om Øystein Matre har lite tid til å trekka pusten, og tenka tilbake, får han kanskje høve til nokre refleksjonar førstkommande laurdag. Då inviterer Westcon til open dag for at folk skal bli betre kjende med verksemda. Kanskje blir også nokre unge sjeler rekrutterte.
— Det er viktig at me slepp ungane inn på industrien. I dag er ungane utestengde på grunn av regelverk og tryggleik, og då må me la dei få høve til innsyn på ein annan måte, seier Øystein Matre.
I løpet av dagen blir det ulike aktivitetar på området, blant anna krankjøring og truckkjøring for ungar. Haugesund Popensemble set prikken over i-en med konsert.