Westcon på handletur i nord

Den mekaniske bedrifta i Nesna kommune i Nordland har rundt 25 tilsette og omsette i […]

Den mekaniske bedrifta i Nesna kommune i Nordland har rundt 25 tilsette og omsette i 2007 for 75 millionar. Det er økonomiske vanskar som gjer at eigarane ynskjer inn nye investorar.
Konsernsjef Øystein Matre i West Contractors AS i Ølensvåg stadfester interessa.
— Me har inngått ein intensjonsavtale om kjøp av ein del aksjar, men vil bruka januar på å bestamma oss endeleg, seier Matre til Grannar.
Rana Blad skriv at Helgeland Sveiseindustrier AS har bestemt seg for å selja vel 90 prosent av aksjane i selskapet til Westcon. Dermed vil dei lokale eigarane stå igjen med ein mindre pott.
Raude tal
Det er kjent at HSI har hatt eit par tøffe år og lenge har jakta på å få inn nye eigarar. I 2007 gjekk selskapet med eit underskot på over 24 millionar, som resulterte i ein negativ eigenkapital.
Like før jul bestemte generalforsamlinga at Miras-konsernet, som er den nest største eigaren, trekkjer seg ut for å gi plass til Westcon.
— Me har samarbeidd med Westcon i mange år. Denne overtakinga vil på sikt tilføra oss større arbeidsoppgåver som vil sikra vidare drift på Nesna, seier Arne Skogsøy, dagleg leier og medeigar i HSI til Rana Blad.
Westcon har lagt eit godt og hektisk bak seg, og viser vilje til ekspansjon. Nyleg har konsernet etableret seg i Stavanger både gjennom oppkjøp og etablering av avdeling for dotterselskapet Westcon Løfteteknikk AS.