700 kroner for stortorsk

Kari Aakra Arne Birkenes fanga torskekjempen i garnet utanfor Dreganes i morgontimane på laurdag. Fram […]

Kari Aakra

Arne Birkenes fanga torskekjempen i garnet utanfor Dreganes i morgontimane på laurdag. Fram til då hadde fiskerekorden til Birkenes lege på ein 17 kilo stor torsk han fanga for nokre år tilbake.
— Eg har fiska i femti år, og aldri har eg sitt noko så stort! Eg høyrer helst om personlege rekordar på 17 kilo, og meinar det var snakk om ein torsk på 20 kilo ein gong, men aldri har eg sett noko som dette, fortel han.

Kjempa
Men det var ein aldri så liten dramatisk prosess å få torsken ut av sitt element i dag. Fisken ville ikkje gje seg utan kamp då Birkenes fekk han i garnet. 
— Han var laus i garnet då eg trakk det opp. Eg la meg på kne, og måtte berre venta til han opna munnen, og fekk då godt grep i kjeften hans, før eg til slutt klarte hala han i land. 

Middagskupp
Arne Birkenes meinte han sjølv ikkje har behov for meir fisk, og ville difor auksjonera bort stortorsken. Pengane skulle gå til Røde Kors, og fisken hang klar for budrunde utanfor Erling Grindheim og sønn i Etne. Og Birkenes meinte det kunne bli eit kupp om nokon sikra seg den feite, fine torsken. Og innan kl. 15.00 hadde nokon sikra seg torskemiddag for god stund framover.
— Den er mange middagar i den fisken. 21 kilo rekk til mange måltid, og i tillegg er det mange liter rogn i han. I butikkane ligg vel kiloprisen på fersk torsk på noko over 30 kroner, så her kan ein jo sikra seg billigare fiskemiddag, seier Birkenes, som til slutt sikra Røde Kors 700 kroner for fisken.