Redaksjonen i Newton og astronomiekspert Jan-Erik Ovaldsen sat juryen som kåra bilete i samband med den internasjonale astronomiåret. Bilete blei tatt av etnebuen Mills då har var på tur i Tanzania i fjor.
På veg til Kilimanjaro knipsa han himmelen over byen Moshi frå omlag 4.000 meters høgde. Biletet viser eit stadig aukande problem for både vanlege stjernekikkarar og profesjonelle astronomar, nemleg lysforureining frå byar og tettstader, heiter det i juryiegrunngjevinga.
Det blå feltet oppe i midten av bilete er Store magellanske sky, ein liten nabogallakse til Mjølkevegen, omlag 170.000 lysår borte frå jorda, skriv nrk.no.
— Eg såg straks at dette var eit heilt klart godt motiv. Eg tok biletet med lang eksponeringstid, og lyste opp planta i forgrunnen med ei lommelykt, fortel Espen Mills, som også skal opplysa interesserte om fotografering på fotokurs i heimbygda om ikkje lenge.
Afrikahimmel vann fotokonkurranse
Kari Aakra Redaksjonen i Newton og astronomiekspert Jan-Erik Ovaldsen sat juryen som kåra bilete i […]