Bildumping på begge fjordsider

Kari Aakra Overfor Seldansnes, der dei sju bilane blei dumpa i Etnefjorden, ligg det synlege […]

Kari Aakra

Overfor Seldansnes, der dei sju bilane blei dumpa i Etnefjorden, ligg det synlege prov på liknande ugjerning. Dei tre bilvraka nådde ikkje vegen fram til sjøbotnen og ligg til sjenanse med anna avfall, truleg kasta ned frå vegen på Bjørgjo, der det tidlegare var kommunal bosstipp. Kommunen har stengt av den gamle «tippen», men likevel er smotthola mange for dei som ynskjer å kvitta seg med avfall.
— Det er sett opp gjerde der det tidlegare var kommunal bossplass, men me kan ikkje gjerda inn alle stader i naturen. Folk finn alltid stader å kvitta seg med avfallet på, seier fagansvarleg for kultur og miljøvern i Etne kommune, Erik Kvalheim.

Vanskeleg fjerning
Det dukkar opp denne type avfallsplassar frå tid til annan, fortel Kvalheim. Bilvrak er heller ikkje eit sjeldan innslag i faunaen, men desse er verre å få fjerna enn anna avfall. Terrenget på Bjørgjo gjer fjerninga ekstra vanskeleg.
— Bilar og båtar til dømes, som veg mykje, er svært vanskelege å fjerna.  Dessutan gjer plasseringa av desse bilane at me får ei ekstra hindring.  Det er også store kostnadar ved slik opprydding. Vidare må me veta kven me skal kontakta, ta omsyn til støy, naboar, og mange andre faktorar i tillegg.  Det er ein lang prosess,  fortel Kvalheim.
Han har vore i kontakt med politiet og kystvakt om det er mogleg å få bistand frå dei, ved neste dukk etter fleire bilvrak på sjøbotnen. Kystvakta vil leggja inn ein tur til Etnefjorden i segleprogrammet sitt snarast, for nøyare undersøkingar med miniubåt.

Ballar på seg
«Naturlege» deponi utviklar seg ofte over tid. Medan det gjerne tek til med organisk materiale og avfall frå landbruket, utviklar det seg etterkvart til å bli brukt som bossplassar. Til slutt kan det også enda opp brune- eller kvitevarer i avfallshaugen, eller bilar, som på Bjørgjo.
— Me kjem over eitt og to tilfelle bilvrak med visse mellomrom. Oftast er dette vrak som står att etter «samlarar» eller gamle delebilar. Og kor som helst kan dei bli ståande. Mellom anna sto det delar av ein gammal bossbil på Skåneviksstranda for ei tid tilbake. Når vraka skal fjernast må me ta for oss ei og ei sak, finna eigaren, klarera, fjerna vraket, også bortetter, fortel Kvalheim.  

Prioriterer
—Etter gamle føringar må eg ta dei som er mest sjenerande først. Der avfallet, eller eventuelt bilvraka er mest skjemmande prioriterer me oppryddinga, seier Kvalheim.
Ulovlege avfallsplassar i naturen er ikkje uvanleg i Etne kommune, og Bjørgjo er døme på ein av stadene dette har utvikla seg til det verre. Avfallet her består nå av kvitevarer og bilvrak. På same måte som Seldalsberg på andre sida var nærast naturleg tilrettelagt for bildumping med avkøyring og djup sjøbotn, er Bjørgjo på andre sida like «ideell».
— Mange folk vurderer nok avstanden til Toraneset og vegen til andre «lempelege» stader. Avfallsplassen på Bjørgjo har jo ein viss tradisjon, det er ein bratt skråning og lite folk. Eg har nok mistande om dette kan vera ein lokal plass for folk som vil bli kvitt avfall, seier Kvalheim.