Byr heile bygda på middag

Jokermannen i Vikebygd er så glad i bygda og kundane sine at han har invitert […]

Jokermannen i Vikebygd er så glad i bygda og kundane sine at han har invitert alt som kan krypa og gå til fest på bygdehuset. Den tidlegare stuerten feirar tiårsjubileum som kjøpmann og vil markera dette skikkeleg.

— Eg har klar 150 liter betasuppe, laga her på butikken, og 120 pølser i brød til borna. Kaffi og dessert blir det også, seier Rolf Alne til Grannar.

Alle inviterte
Det har gått ut invitasjon til alle i Vikebygd, både fastbuande og hyttefolk, og 250 har meldt seg på til bygdefesten torsdag kveld.
— Dette fortener Vikebygd. Dei støttar solid opp om butikken, og litt igjen fortener dei, seier 50-åringen midt i den travle førebuinga til den makelause festen.

Kjendisar
Vikebygd Handelslag AS omset for rundt seks millionar netto. Lenge var det S-lag i bygda, men då den gjekk konkurs, overtok Kjøpmannskjeden, fram til for ti år sidan då Rolf Alne dukka opp som kjøpmann.
Festen byr også på underhaldning med bygdas eige musikkorps og den  internasjonale musikaren Tom Roger Ådland frå Vikebygd, som kjem rett frå turne i Irland via Oslo.

Også fokeartisten Gunnar Andersen frå Haugesund blir med. Han representerer Folkets gave til Revmatismesjukehuset. På festen blir det lynlotteri til inntekt for Folkets gave.