Den sure fjerdeplassen

Rune Helle Vindafjord-guten var så uheldig å knekke ein stav undervegs, og han gjekk nesten […]

Rune Helle

Vindafjord-guten var så uheldig å knekke ein stav undervegs, og han gjekk nesten ei mil åleine før han klarte å ta att tetgruppa.
— Eg var med å kjempe om gullet. I spurten merka eg klart at det var lite krefter då det heile skulle avgjerast. Eg var likevel ikkje langt frå min første NM-medalje, seier Vestbø.

Knakk staven
Han blei også nummer ni i seniorklassa. De to klassane gjekk saman, og Vestbø blei nummer fire på 15 km fristil under U-23 VM.
— Den gong var eg nøgd med alt. I dag var det litt surt å ikkje få min første NM-medalje, oppsummerer Sandeid-guten.
Det var etter omlag 12 kilometer uhellet var ute. Vestbø knakk ein stav i dei smale løypene i Harstad. Han gjekk nesten ei mil og jakta på tetgruppa. Det kosta så mykje krefter at det var smått med fart att i kroppen då gullet blei utdelt, fortel han. Vestbø blei sist i nimannsgruppa der det var fire U-23 løparar, og resten seniorar.
— Slikt skjer. Det var surt med stavbrekket. Vi var då ei gruppe på omlag 15 mann, men løpet hadde sett seg, og det gjekk roleg for seg då eg blei tråkka på av løparen bak, fortel han.
Vestbø gjekk også 10 km klassisk, og blei nummer 46 i helga.
— Eg har ikkje fått det til på klassisk distanserenn i vinter. Helga var diverre eit nytt bevis på at eg her har noko å jobbe med, seier 21-åringen, som presiserer at det av og til går bra og i klassisk.
— Ved nokre høve i vinter har eg gått brukbart, men eg er ikkje stabil i denne stilarten. Å kunne gå klassisk er viktig mellom anna på duathlon, seier han.

Etablert i toppen
Nå gjenstår berre NM-femmila for Vestbø før sesongen er over.
— Dette har vore ein stor sesong. Fjerdeplassen i VM er sjølvsagt høgdepunktet, men det har også vore meir å gle seg over, seier Vestbø.
Han understrekar at denne vinteren har vore eit gjennombrot.
—  Eg føler meg no som etablert i U-23 toppen. Neste vinter er målet å ta eit nytt steg mot dei beste seniorane, seier han.
Helgas 9. plass er hans nest beste i senior denne vinteren. Frå før har Thomas Vestbø ein 8., samt ein 13. og 15. plass.

Slit
Etter ein glimrande start på sesongen har det ikkje gått like bra for Chris Andre Jespersen (25) den siste tida. I helga blei han nummer sju på fellesstarten, og nummer 18. på 10 km klassisk.
—  Etter at eg blei sjuk rundt NM-tider i januar har eg ikkje klart å komme tilbake på høgt nivå. Eg er definitivt ikkje like bra no som før jul, seier Jespersen, som ergrar seg over akkurat det.
— No er sesongen på hell, og NM-femmila om fire veker blir nok mitt siste renn for året, seier 25-åringen.
Jespersen har alt starta oppkøyringa til neste sesong, og ein 13. plass fra Wold Cup i sesonginnleiinga er sesongens store løp for han.
Bjørnar Larsen frå Sandeid gjekk ikkje renn i helga.