Eidsvåg til Etne

  Denne gongen legg den folkekjære artisten ut på turne  åleine utan band, noko det […]

Denne gongen legg den folkekjære artisten ut på turne  åleine utan band, noko det er ti år sidan han gjorde sist. Konsertserien har difor ganske enkelt fått namnet «Solo». Åleine med gitaren freistar Eidsvåg å gje publikum opplevinga av songane hans, slik dei opphaveleg var.

Det vil bli meir fokus på bakgrunnen til songane og difor meir prat enn på dei andre konsertane hans. Tidlegare har publikum etter solokonsertane meldt tilbake om at dei kom nærare artisten og historia bak songane, i motsetning til dei større konsertane med band.

Eidsvåg vil prøva ut nytt materiale, men vil hovudsakeleg halda seg til dei mest kjende låtane sine, når han kjem til Fugl Fønix Hotell 29.april.