Førre tysdag blei aksjeeigarane i Etne Forbruksforening AS samla inn til ekstraordinær generalforsamling, då emisjonen var einaste måte å unngå avvikling. Det har lenge spøkt for det 132 år gamle handelshuset, og i februar sa banken stopp. Aksjonærane fekk frist på seg til laurdag å teikna seg opp med ny kapital. Dei signaliserte tydeleg ønsket om å behalda «Forbruken» og spytta inn frisk kapital for til saman 1,2 millionar frå generalforsamlinga 17. mars, til fristen gjekk ut på laurdag kl. 18.00.
— Eg forstår det slik at mange ser på Etne Frobruksforening AS som ein institusjon i bygda, og eg er imponert over det høge talet på aksjonerar som valde å teikna nye eigendelar for å redda handelshuset. «Forbruken» betyr tydelegvis mykje for folk her bygda, meiner vesterålingen Trond Holst som nyleg overtok som dagleg leia.
54 eigarar teikna seg
Framleis gjenstår det arbeid for at Etne Forbruksforening AS skal komma seg unna likviditetskrisa, men aksjeteikninga har gitt god hjelp. Styreleiar Ole Martin Grindheim er godt nøgd med engasjementet frå eigarane.
— Me er enno ikkje komne heilt i land, men me har fått oss ein enorm påhengsmotor, seier Grindheim som sjølv har teikna seg betydeleg opp på eigarsida.
Også styreleiaren er imponert over at heile 54 av dei 152 aksjeeigarane valde å teikna seg på eigarsida.
— Det overraska meg at så mange eigarar som tidlegare har vore noko passive, var viljuge til å teikna seg opp. Dette viser at det er stort ønske og behov for å bevara «Forbruken». Nå står det att meir fokus på inntening for å redda oss heilt bort frå likviditetskrisa, seier Grindheim, som har merka seg stadig aukande tilvekst med kundar på butikken dei siste månadane.
Snart lønsam
Og den ferske daglege leiaren er førebudd. Etter mange tiår i Coop-systemet, er ikkje situasjonen framand for Holst, som sjølv gjekk ut av Coop grunna fusjonering.
— Problematikken er ikkje ny for meg. Slik var det også på 1980- og 90-talet i kooperativet. Nå gjenstår det ein jobb på driftssida for å få innteninga i gang igjen. Eg har vore involverte i større forretningsføretak tidlegare, men mange avdelingar spreidde i fleire kommunar. Her er det svært oversiktlege og det er eit godt mannskap på butikken. Dei er erfarne og kan sitt yrke, seier Holst.
Saman med Grindheim skal han leggja fram ein handlingsplan for styret på førstkomande styremøte. Nye tiltak for å sikra innteninga i forhold til kostnadane i butikken skal drøftast, og Holst har full tiltru til at butikken vil komma seg heilt over kneiken.
— Skal snart bli lønsam
Då han byrja i jobben i byrjinga av mars, hadde han innsett faren den nye arbeidsplassen hans var i, men valde å oversjå dette. Eit velsmurt maskineri som «forbruken» vil ikkje trenga dei store omveltingane for at drifta skal koma på rett kjøl att, meiner han.
— Nå skal me først få fullstendig kontroll på den økonomiske situasjonen på eigarsida. Deretter set me i verk ein handlingsplan for å sikra innteninga, men det treng ikkje vera noko drastisk. «Forbruken» er absolutt konkurransedyktig, og eg er sikker på at dette skal bli ein lønsam butikk om kort tid, seier Trond Holst.