Onsdag denne veka offentleggjer dagleg leiar Vidar Lund i Etnemarknaden
store deler av underhaldningsprogram til arrangementet som går av
stabelen 6. – 9. august. Etter kritikk av fjorårets headliners og
mangelen på store namn, er det knytt stor spenning til kva den nye
marknadsleiinga har fått til.
— Me har sjølv lagt lista veldig høgt og er avhengig av at det kjem
folk til konsertane og marknaden. Difor er me spente på reaksjonane,
seier Lund dagen før offentleggjeringa.
Han vil ikkje røpa namn, men fortel at det er nasjonalt kjente aristar
på lista. Sjølv er Lund godt tilfreds med bookinga som han vonar skal
stetta ulike musikksmakar og ynskjer.
Totalt dreier det seg om sju artistar og band fordelte på fire kveldar.
Hovudkonsertane blir lagt til Etne sentrum, der det blir jobba med to
alternativ for sceneplassering.
Opnings- og avslutningskonserten får publikummet med seg på
marknadsbilletten, medan folk må løysa ekstra billett til konsertane
fredag og laurdag.
Følg saka i grannar.no og papiravis torsdag.