Fengsel for narko

Kari Aakra Den 41 år gamle mannen var tiltalt for fleire forhold i tidsperioden mellom […]

Kari Aakra

Den 41 år gamle mannen var tiltalt for fleire forhold i tidsperioden mellom mai 2007 og desember 2008. Han er i Haugaland tingrett dømd for to tilfelle køyring i påverka tilstand, to narkotikalovbrot, to narkotikamisleghald og to tilfelle for køyring utan gyldig førarkort. Mannen er tidlegare straffedømd ti gonger, hovudsakleg for lovbrot på narkotikalovgivinga og vegtrafikklova.

I mai 2007 skal mannen ha køyrd på E 134 i Ølen i ruspåverka tilstand. Hjulet på bilen hans punkterte, og etter å ha køyrd enno eit stykke stansa bilen. Mannen ringde redningsbilen og gjekk resten av vegen. Ein annan sjåfør hadde tidlegare på dagen lagt merke til mistenksam køyring på vegen, og meldt i frå til politiet. Politiet gjenkjende bilen og oppsøkte mannen i heimen hans, der han framsto som rusa. Etter blodprøve og legeundersøking blei det konkludert at mannen hadde inntatt medikament som tilsvarte 1,5 i promille.

I oktober same året blei mannen på nytt stansa av politiet i Tysvær. Også denne gongen køyrde mannen under sterk påverknad av medikament, og hadde på denne tida ikkje gyldig førarkort.

I april 2008 blei mannen pågripen i Aksdal etter at han hadde vore i Stavanger og kjøpt omlag 50 tablettar, utan at han hadde fått desse lovleg føreskrivne.

I desember 2008 køyrde mannen til Knapphus, der vitne mistenkte han for å køyra i påverka tilstand og kontakta politiet. Mannen har i ettertid innrømt at han køyrde etter å ha inntatt ein cocktail av ulike tablettar. Også denne gongen køyrde mannen utan gyldig førarkort.

Dommen blei einstemmig avsagt, og i tillegg til fengslingsstraffa og bota, mista mannen førarkortet for fire år.