Garness til Fugl Fønix

Bak namnet skjuler tvillingsøstrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad (f. 1984) seg. Jentene […]

Bak namnet skjuler tvillingsøstrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad (f. 1984) seg. Jentene frå Holsnøy utanfor Bergen, har henta musikalsk inspirasjon frå heimen. 19 år gamle og hundrevis av sceneopptredenar seinare, kom debutplata. Då releasekonserten blei halden i september i fjor, var lokalet fylt til randen av oppstemte fans.
På vegen fram til dette hadde Garness besøkt The Rocky Mountains, med låtskrivingssessions og innspelinger i countryen si vugge, Nashville, og vore innom kontor til platedirektørar, for så å fullføra verket heime i ei lita stove på Torshov, utstyrt med en mac, eit lydkort og ein mikrofon.
Live vil ein fort la seg imponera av jentene sin naturlige sjarm, med tvillingstyrte vokalkommunikasjon og dyktige klimpring og risting på mange slags strengeinstrument og perkusjonsdingsar.
Når jentene entrar scenen på Fugl Fønix i samspel med Torjus Vierli på keyboards, blir det garantert ein spennande og vakker konsert, der også go’foten skal få snike seg frem.