På Børkjenes la Hansine Vannes merke til det som kunne sjå ut som ein
stor katt i skumringa på morgonkvisten måndag. Men det viste seg å vera
ein gaupunge som rusla langs vegen på Børkjenes. Også naboar har høyrt
lyden av gauper i nærleiken på Skånevikstranda den siste tida.
— Eg såg gaupungen ved vegen frå huset mitt. Då eg klemstra att
vindauget sprang dyret bort. Eg har sett gaupe her før, men det er for
mange år sidan, fortel Vannes.
Sporadisk
Gaupa finst i faste bestandar over heile fastlands-Noreg, med unntak av vestlandsfylka. Frå Hordaland, Rogaland, og Sogn og Fjordane har det dei siste åra kome inn svært få observasjonar på gaupa. Men dyra dukkar opp sporadisk, opplyser leiar i viltnemnda i Etne, Udmund Stengårdsbakken.
Han kjenner til mange observasjonar av den vandrande gaupa nærare Seljestad og Suldal, sjølv har han også treft på kattedyret i Etne, men dette er fleire år sidan.
— Eg har høyrt rykte om at folk har sett gaupe, og sjølv observerte eg ei for nærare tre år sidan. Eitt år etter det høyrde eg nokon hadde sett eit par gaupeungar i Etne. Dei finst nok her og, men er ikkje så fast som andre stader, seier Stengårdsbakken.
Går etter maten
Talet på gauper har vist seg å auka i samsvar med rådyrbestanden dei fleste stader i Noreg. Rådyra er utgjer storparten av både sommar- og vinterdietten til gaupa, og truleg har streifdyret følgd etter rådyra til områda i Etne.
— Med såpass mykje rådyr som det har vore, pleier gaupa følgje med. Men det kan ikkje vera mange av dei, då det ville merkast betre, meiner Stensgårdsbakken.
Fleire Grannar har vore i kontakt kan fortelja om møte med gaupa i Etne, men ikkje nyleg. Dei fleste tilfelle går fleire år tilbake i tid, men nå kan altså dyret vera tilbake på Skåneviksstranda og i Etne.
Sjeldan dyr
Og observasjonen av det store kattedyret kan vera av dei sjeldne. Før jakta i 2008 blei det rekna ein totalbestand på omlag 450 dyr i Noreg. Og medan bestandsutviklinga har auka i nokre delar av landet, har talet på gaupe gått ned i Vestlandsfylka det siste året. Dyret har eit stort revir, og ein reknar med at eitt dyr har eitt område på mellom 500 og hundre kvadratkilometer.
I Noreg vil ein finna omlag 0,3 til eitt individ per hundre kvadratkilometer. Mars er parringsmånaden for gaupa, og gaupungen på Skåneviksstranda har truleg også godt selskap i lokale trakter.