Hjorteskade på 40.000 juletre

 Anita Haugland Eit titals hjortar har bite av toppane på omlag halvparten av trea til […]

 Anita Haugland

Eit titals hjortar har bite av toppane på omlag halvparten av trea til juletreprodusenten i Ølmedal. Det ligg eit enormt arbeid i å rette opp skadane, og spørsmålet Sverre Hustveit nå stiller seg er om det heller vil lønne seg å plante nye tre.
— Eg reknar med at hjorten har bite av toppane på rundt 40.000 juletre her. Det er ca halvparten av trea eg har planta på eit 120 mål stort område, seier Sverre Hustveit til Grannar.

Inngjerda
Sjølv om juletrea på Imsland er inngjerda, klarte ein hjorteflokk på åtte til ti dyr å snike seg inn på området i vinter. Då det var snø var det ei grind som vart trakka ned, og det førte til omfattande skader.
Hustveit hadde tysdag denne veka besøk av fleire juletrebønder i distriktet for å sjå på skadane. Også leiaren i vilt- og fiskelaget i Vindafjord, Erling Lien og Terje Pundsnes, som er tilsett i Norsk Pyntegrønt, ein rådgjevingsinstans for Agder-fylkene, Rogaland og Hordaland, deltok på synfaringa.
Fleire av produsentane hevdar dei har høyrt fleire tilfelle med positive verknader når det gjeld det å ta bort skadedyr. Utanfor jaktsesongen må ein ha særskild løyve for å skyte hjort, og fleire av dei frammøtte stilte spørsmål til praktiseringa av desse reglane i Vindafjord kommune.
— Det er allereie eit regelverk når det gjeld skyting av hjort utanom sesongen, og dersom me skal gi løyve til ein, må me gi løyve til fleire, seier Erling Lien.

Sverre Hustveit.


Ulik praksis

Lars Ropeid, som er busett i Suldal kommune, kunne fortelje om ein anna praksis i hans heimkommune.
— Dersom eg har hatt skadedyr, har eg fått løyve til å ta dei på skadeplassen, mot at eg trekkjer det av mi eiga kvote, seier jordbærdyrkaren.
Bøndene i Vindafjord har opplevd mykje strengare praksis enn dette.
— Me jobbar med å utvide jaktsesongen, og i praksis vil det bli to veker pause i slutten, før ein igjen kan jakte i to til tre veker, seier Erling Lien.
Det er enno ikkje gjort vedtak i denne saka, men i april skal det røystast over forslaget.
— Dersom jaktsesongen vert utvida, vert truleg skadedyrproblematikken mindre, fordi ein då får teke fleire av dei i jaktsesongen, informerer Lien.

God marknad
Dersom bartrea får vekse fram er det ein stor marknad for juletre.
— Målet er at Vindafjord kommune skal dyrka ti prosent av juletrea i Noreg, og det vil seie omlag 300 mål, seier Arne Svandal.
Han dyrkar sjølv juletre, og er i tillegg styreleiar i Norsk Juletreservice AS.
I følgje juletredyrkaren har Noreg verdas beste klima for framstilling av slike bartre, og Vindafjord er ein av dei kommunane som har eigna område for dette. Han meiner det er viktig at kommunen legg til rette for at denne ressursen vert utnytta.
— Marknaden fungerer svært godt, og det er gode pengar å tene, seier Terje Pundsnes.

Skadeomfanget
Pundsnes har ein teori om at hjorten går etter lukta av nitrogen i plantene. Ved god gjødsling vert innhaldet av nitrogen i juletrea ekstra høgt, og dermed forsterkar det problemet i samband med hjorten. Han  tek utan tvil dei finaste trea.
— Somme av trea er ingenting å byggje vidare på. Andre kan reddast, men skadane er svært kvalitetsforverrande, seier Terje Pundsnes.
Han gjer eit raskt overslag, og dersom ein reknar 40 kr i tap per tre, vil skadeomfanget truleg koste 1.600.000 kroner.
— Ein kan ikkje med trygging fastslå denne summen, men skadane er iallfall store, opplyser Pundsnes.