Ingen omkamp
SISTE: Janne Kristin Matre (24) og andre engasjerte småbarnsforeldre i Vågen møtte opp med underskriftslister […]
SISTE:
Janne Kristin Matre (24) og andre engasjerte småbarnsforeldre i Vågen møtte opp med underskriftslister med 249 namn på under tysdagens formannskapsmøte i Vindafjord. Dei protesterer mot plasseringa av Vågen barnehage, ei sak det har kokt rundt etter at det nyleg blei oppdaga leire og lausmassar i den vedtekne tomta etter at gravearbeidet tok til.
Aksjonen starta i helga og underskriftene blei samla inn i løpet av to dagar. Motstandarane har ikkje tenkt å gi opp kravet om ny plassering.
I formannskapet blei det orientert om saka og ein mindre debatt, men politikarane ville ikkje i denne runden å ta omsyn til protestane.
Saka vil koma likevel attende i form av ny orientering når det føreligg rapport frå geolog med risiksoanalyse og tilstanden på tomta. Dersom det må ekstra løyvingar til, kan det uansett bli ny politisk behandling av saka.
Opprør og kampanje
Trass i massiv motstand frå naboar, FAU, og tilrådingar frå fagfolk,
står politikarane i Vindafjord på sitt. Midt i ein skråning av leire og
steinar skal det den nye Vågen barnehagen ligge. Barnehagen skulle
stått ferdig 1. august, men grunna uventa funn har arbeidet til nå
blitt stoppa to gonger. — Nå har me fått nok, seier fortvilte foreldre.
I går hadde foreldregruppa dør-til-dør-aksjon for å samle inn minimum 200 underskriftar, slik at saka på nytt blir behandla i formannskapet. Naboar og foreldre føler seg overkjørte og utan stemmerett i saka som omhandlar barna deira, og ikkje minst barna deira tryggleik.
— Dette er dårleg planlegging frå politikarane sin side. Det er tatt for lite omsyn til grunnforhold på tomta. I startfasa tok dei utgangspunkt i digitale kart som ikkje viser grunnen. Uventa funn har difor sett ein stoppar for bygginga to gonger, seinast i førre veke. Det var meir stein og leire enn tidlegare hevda, seier Jorunn Halsnes, i aksjonsgruppa foreldra har danna. Foreldra setter dessutan spørsmålsteikn ved dei økte kostnadene det vil medføre å byggje barnehage midt i ein bakke.
— Dette er dårleg bruk av skattebetalarane sine pengar. Det verker som politikarane er redde for å trekke forslaget tilbake, fordi dei da tapar fjes, seier aksjonsgruppa.
Alternativ tomt
Foreldra har forslag til ei alternativ tomt situert ved fotballbanen ved Vågen skule. Denne tomta er meir gunstig med tanke på grunnforhold, trafikkavvikling og tryggleik i følgje fagfolk som har uttalt seg i saka. Forslaget har også brei støtte frå næringslivet og bygdefolket, seier Janne Kristin Matre. Politikarane har avvist dette tomtealternativet sidan det har status som bustadområde.
Redde for ras
— Me har fått godkjenning frå alle grunneigarane ved den alternative tomta med tilbod om å kjøpe, seier Janne Kristin Matre. Vurderingar gjort av fagfolk slår fast at foreldra sitt tomtealternativ har betre kvalitetar for etablering av barnehage. Trafikkavviklingsmessig og ikkje minst moglegheita til å etablere gode uteareal åtskilt frå skolen sitt separate uteareal, egnar denne tomta seg betre. Foreldra fryktar også tryggleiken til barna deira dersom kommunen får det som dei vil.
— Kommunen vil byggje barnehage mitt i ein bratt skråning. Me fryktar rasfare når ein byggar på leirgrunn med stor helling. Dessutan får barna eit dårleg utemiljø midt i ein bakke. Korleis kan dette vere bra for barna?, og kva med rullestolbrukarar?, spør ei undrande Randi Vaka Hovland. Dessutan er tomta kald og lite solrik, noko som er lite gunstig med tanke på barna.
Etterlyser dialog
Barnehagen skulle etter planen stått ferdig i august i fjor, men grunna uventa funn og omregulering er prosjektet omlag eit år forsinka. Det har resultert i at nokon av ungane som har barnehageplass i Vågen barnehage må køyrast til Vats barnehage kvar dag, som eit alternativ til plassen dei har i Vågen. Årsaka er at den planlagde barnehagen skal ha plass til 50-60 ungar, medan Vågen barnehage i dag berre har plass til 18 ungar.
— Me føler oss dårleg behandla av kommunen, med lite informasjon gjennom prosessane som er gjort. Tre gonger er ordføraren invitert til dialog utan at han har møtt. I eit folkemøte vedrørande ein omreguleringsplan prøvde me å ta opp saka, men me kom ikkje til, og politikarane ville ikkje høyre snakk om det, seier Gro Steiner.
Vil tape eitt år
Ordførar Arne Bergsvåg meiner dei vil tape eitt år på å skifte tomt for ny barnehage i Ølensvåg. Han ser dette som uaktuelt så lenge den valde tomta kan brukast.
Bergsvåg har fått mange e-postar frå foreldre som reagerer etter at det vart kjent at det er meir ustabil grunn med leire enn venta på tomta til den nye barnehagen. Det har vore eit omstridd tomteval, også mellom foreldra.
Men reaksjonane på at det må nye undersøkingar til før arbeidet på tomta kan halde fram, får ikkje ordføraren til å revurdere tomtevalet.
Blir forseinka
— Eg har bede om ei orientering i formannskapet. Der får vi svar på kva som må gjerast, og om tomta er ueigna. Før denne orienteringa har eg ikkje anna svar enn at tomtevalet er bestemt, og det er i utgangspunktet ingen grunn til å endre på det, seier Bergsvåg.
Han viser til at det vil ta nærmare eitt år å omregulere til barnehage på nedsida av Vågen skule, eit område som i dag har status som bustadområde. Barnehagen er alt om lag eitt år forseinka.
— Eg meiner det er fleire agendaer ute og går. Enkelte har protestert fordi dei ikkje vil ha den i bustadområdet sitt, samstundes som dei foreslår å flytte den på nedsida til skulen til eit område som er regulert til bustader der det er like store protestar. Ein stad må barnehagen vere, seier han.
Tre tomter
Foreldre sin kritikk av at alternative tomter ikkje er vurdert, avviser Bergsvåg som feilaktig.
— Tre tomter var inne i bildet. Den ved elva ville ikkje foreldra ha. Den på nedsida av skulen har også utfordringar i grunnen, og fagfolk meiner forholdet mellom skule og barnehage blir best tatt vare ved å plassere ny barnehage ved den eksisterande barnehagen slik som bestemt, seier han.
Barnebygg AS har fått Vassbakk & Stol til å ta nye boreundersøkingar i tomta, og resultatet blir det informert om i formannskapet i morgon.
Følg saka i papirutgåva torsdag