Ingen personar kom til skade i ein husbrann i Ølen. Brannen blei meldt kl 23.53 fredag kveld.
Huset ved E134, rundt ein kilometer aust for sentrum, stod då i full fyr då brannen blei oppdaga. Både brannvesenet, ambulanse og politiet rykte ut, men kunne ikkje hindra at det oppstod store skade
Det viste seg at det ikkje var personar inne i huset. Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at brannen var sløkt like over kl 02.30.
Politiet vurderer bustadhuset som totalskadd. Brannårsaka er førebels ikkje kjent.
Det var ein mann i 20-åralderen som budde i huset. Huseigaren var ikkje heime då brannen oppstod. Det blir nærare undersøking av branntomta måndag.