Jaktar garntjuvar

— Me har hatt ei rekkje saker etter nyttår, og spesielt dei siste to vekene. […]

— Me har hatt ei rekkje saker etter nyttår, og spesielt dei siste to vekene. Det verkar som tjuvane ferdast til sjøs, seier lensmannen i Etne og Vindafjord, Ingvar Gjærde til Grannar.
Det er meldt om tjuveri av garn både frå Haraldseidvågen, Trovåg og Bjoalandet, og politiet utelukkar ikkje at gjerningsmennene kan ha vore på ferde andre stader i distriktet.
— Rapportar me har fått, fortel at garn som er sette ein kveld, er sporlaust borte neste morgon. Dei er merka med fullt namn og me hadde visst om det, dersom det er Kystvakten som har gjort beslag.
Det er nok ikkje alle som melder inn når fiskereiskapen forsvinn, slik at dette kan vera ei meir omfattande sak enn det me kjenner til, seier Gjærde.
Han etterlyser difor eventuelle vitne og ber om at andre som har mista garn melder frå.