Jespersen på 7.plass

Chris Jespersen (25) frå Skånevik gjekk inn til ein sjuande plass på femmila fristil under […]

Chris Jespersen (25) frå Skånevik gjekk inn til ein sjuande plass på femmila fristil under NM på Røros laurdag. Han kom inn til mål på tida 2.05,1, berre eit hundredels sekund bak sjette plassen.

Thomas Vestbø (20) frå Sandeid gjorde også eit godt løp og kom inn på tida 2.09,7. Vestbø sikra seg dermed 13. plassen etter rennet.

Thomas Vestbø frå Sandeid hamna til slutt på 13. plass.

Frode Andresen frå Ringkollen Skiklubb, blei noregsmeister etter ein spanande fellesstart, der han dei siste fem kilometrane rykka frå Petter Eliassen frå Byaasen Skiklubb, som hadde lege i tet frå start. Anders Aukland frå Osenberg Skilag  fekk sølv, medan Erlend Hoff frå Medklia Skiklubb hamna på tredje plass.