Krev vern av Dalelva

Saman med Den Norske Turistforening, Norges Naturvernforbund, WWF og Norges Jeger- og Fiskerforbund, krev naturernforeninga […]

Saman med Den Norske Turistforening, Norges Naturvernforbund, WWF og Norges Jeger- og Fiskerforbund, krev naturernforeninga at Dalaelva i Etne kommune og fleire andre norske vassdrag blir verna mot utbygging.
Dei fire organisasjonane sender i desse dagar ut tusen postkort til politikarar, blant anna til Etne kommunestyre og Hordaland fylkesting, der det blir åtvara mot kraftutbygging.
— Dalelva må vernast mot kraftutbygging, seier Lars Haltbrekken, leiar i Norges Naturvernforbund, på vegner av dei fire organisasjonane.

I ei pressemelding skriv organisasjonane at den norske vassdragsnaturen er unik, og Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på urørte fossar og elver. Vassdraga utgjer kanskje den mest livgjevande delen av det norske naturmangfaldet. Dei gir oss naturopplevingar og muligheiter til fiske og anna friluftsliv knytt til vatn, heiter det i uttalen.

— Daleva kom ikkje med i Sauda-utbygginga og burde difor vore innlemma i verneplanen for vassdrag. I staden pågår konsesjonsbehandling for utbygging. Dalelva har ein rik vassdragsfauna, og deler av nedbørfeltet rommar mykje brukte turområde. Rundt vassdraget er det store, vide landskapsrom og urørt natur, uttaler Haltbrekken
I uttalen viser dei fire organisasjonane til at sju av dei ti høgaste fossane i landet er bygd ut, og to tredeler av vassdraga våre er regulert.
— Mange av dei attverande vassdraga er framleis sterkt trua av vasskraftutbygging. Den auka verdien av dei attverande naturområda og omsynet til komande generasjonar si naturopplevingar tilseier ei restriktiv haldning til vidare vassdragsutbygging, og at me lar dei aller fleste vassdrag som står igjen, forbli urørte.
Klimautfordringane med ynskje om auka bidrag frå fornybare energikjelder fører til meir press på verneverdige og verna vassdrag. Miljø- og friluftsorganisasjonane vil åtvare mot å tru at utbygging av dei siste restar av urørt norsk vassdragsnatur vil redde verda frå ei klimakrise, skriv organisasjonane.

Kampanjen for vassdragsvern
Postkortaksjonen fokuserer på seks spesielt verneverdige vassdrag (av desse er tre allereie søkt om utbyggingsløyve for):

1.      Garbergelva (Sør-Trøndelag)
2.      Erdalselvi (Sogn og Fjordane)
3.      Gjengedalsvassdraget (Sogn og Fjordane)
4.      Godfarfossen (Buskerud)
5.      Dalelva (Hordaland)
6.      Vasja (Nordland)