Løyser tollfloke i EU

Arne Frøkedal Måndag ettermiddag drar logistikkansvarleg Johannes Rørtveit og teknisk sjef Frode Grindheim til Brussel. […]

Arne Frøkedal

Måndag ettermiddag drar logistikkansvarleg
Johannes Rørtveit og teknisk sjef Frode Grindheim til Brussel. Saman med ein
delegasjon frå det norske Toll- og avgiftsdirektoratet, skal dei presentera
klassifiseringssaka som i snart tre år har sett grå hår i hovudet på leiinga
ved Hatteland Display.

— Me har nå eit godt håp om å løysa saka til vår
fordel, seier Johannes Rørtveit til Grannar.

Uvanleg innpass

Den norske delegasjonen skal tysdag møta den
verdsomfattande tollorganisasjonen World Customs Organization (WCO), som tel
over hundre delegatar frå 60 land. Hatteland Display får lov til å halda ein
kort presentasjon av produktet og forklara kvifor dei meinar at dette er eit
dataprodukt og ikkje ein såkalla videomonitor, som påfører bedrifta sine kundar
tollavgift.

— Forskjellen er frå 14 til null prosent toll
inn til EU, noko som er heilt avgjerande om me er konkurransedyktig eller
ikkje, seier Rørtveit.

Den norske delegasjonen, som har to saker med
seg til Brussel, får innpass i WCO etter massiv press på Toll- og
avgiftsdirektoratet, samt på stortingspolitikarar i regjeringsposisjon og
opposisjon. Og det er svært uvanleg at ei bedrift får vera med den offisielle
delegasjonen inn i dette forumet.

Unngår utflagging

— Me har opplevd denne saka som rein
proteksjonisme, men ser nå at EU nå er på glid og at me nærmar oss ei løysing.
Positivt for vår sak er at ein EU-domstol nyleg har avgjort ei tilsvarande sak
med eit positivt utfall for oss, seier den Johannes Rørtveit.

Sakens kjerne er at EU har definert Hatteland
Display sin dataskjerm som tv eller video, som fører til den omstridde tollen.

Bedrifta i Nedre Vats har rundt 165 tilsette, ca
90 av desse i produksjonen. Alternativet for Hatteland Display er å flagga ein
del av produksjonen til EU. Det er det nå godt håp om å unngå.