Nå kjem Stordalstunnelen

Nasjonal Transportplan (NTP) opnar for pengedryss over den smale og til dels rasfarlege stamvegen gjennom […]

Nasjonal Transportplan (NTP) opnar for pengedryss over den smale og til dels rasfarlege stamvegen gjennom Stordalen i Etne kommune. Alt i perioden 2010 til 2013 er det føreslått statlege midlar til bygging av Stordalstunnelen.
Men trafikkantane må vera med å finansiera gildet. Prioriteringa er avhengig av det blir tilslutnad til eit opplegg for delvis bompengefinansiering av prosjektet, som omfattar bygging av ein om lag 1,4 kilometer lang tunnel.
I tillegg kjem oppbygging av sidevegar og nytt kryss med riksveg 48 til Skånevik. Eksisterande veg skal nyttast som lokalveg og gang- og sykkelveg.

Prosjektet er kostnadsrekna til 250 millionar kroner. NTP legg opp til 100 millionar kroner i statleg løyving og 150 millopnar frå bompengeinnkrevjing.

Samferdselsdepartementet vurder det også som aktuelt  å prioritere statlege midlar til å starte bygging av nye tunnelar på E134 over Haukelifjell og forbi Røldal. Delar av strekninga har dårleg standard, med smal og svingete veg og store høgdeskilnader. Bygging av nye tunnelar vil dessutan føre til ei vesentleg innkorting av dette viktige sambandet for nyttetrafikken mellom Austlandet og Sør-Vestlandet. Prioriteringa er avhengig av at det blir tilslutnad eit opplegg for delvis bompengefinansiering av utbygginga.

Det er lagt til grunn bompengar frå Haugalandspakka til ei rekkje investeringstiltak på E134 i Hordaland og Rogaland.