Rådmannen avviser skjenkeklage

Synne Merete Mæle I utval for oppvekst og omsorg blei det 26. januar i år […]

Synne Merete Mæle

I utval for oppvekst og omsorg blei det 26. januar i år gitt skjenkeløyve til den nyopnande utestaden Meierikjellaren. Innbyggarane i Sjoargata fryktar konsekvensane av vedtaket blir meir fyll, bråk og herverk nattetid. Dei hugsar tilstanda i sentrum førre gongen Meierikjellaren hadde ope, med trafikk og bråk mellom utestadene i sentrum. Bebuarane fryktar at historia vil gjenta seg, og er skuffa over avslaget på klaga dei adresserte til rådmannen i Vindafjord. 

Ikkje ankerett
I svaret frå rådmann Kristian Birkeland, datert 06.02, står det i klartekst at bebuarane ikkje har formell ankerett etter lova. Innbyggarane i Sjoargata reagerer på avslaget, og ber om å få sjå heimelen i lova der bebuarane ikkje har ankerett. Vidare i brevet skriv rådmannen om ønska utvikling i Ølen sentrum:
— Me er opptatt av positiv utvikling av Ølen sentrum, der det er rom for næringsliv, sosiale arenaer og busetnad. Me har ambisjonar om at Ølen skal utviklast til eit sentralt knutepunkt for indre Haugalandet. Det betyr meir aktivitet og liv i sentrum i framtida.
For å nå målet skal det bli etablert eit politiråd, der både politi og kommuneleiing er representert. Politirådet vil vere ein viktig arena for eit samarbeid om ei god sentrumsutvikling, skriv rådmannen.  


Tidlegare belasta

Bebuarane synest det er urovekkjande at det verken er tatt omsyn til lensmannen sine merknader, eller underskriftskampanjen i etterkant av vedtaket. Før saka blei behandla i Utval for oppvekst og omsorg, var den klare meldinga frå lensmannen at området rundt Ølen sentrum tidvis har vore belasta. Dessutan har politiet tidlegare erfart at trafikken som oppstår mellom skjenkestader lett fører til valdsepisodar. Tilstanden har vore betre den siste tida, og lensmannen anbefalte kommunen til å vere særs merksame på dei tidlegare forholda i Ølen sentrum. Underskriftskampanjen som 22 av innbyggarane i Sjoargata har signert, fekk heller ikkje vindafjordpolitikarane til å endre meining. No ventar dei på svar frå Fylkesmannen, med håp om eit fredelegare Ølen sentrum i framtida.