Set si lit til Navarsete
Kari Aakra 13.mars vil samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp) avsløra kva vegprosjekt som blir tilgodesett […]
13.mars vil samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp) avsløra kva vegprosjekt som blir tilgodesett i neste NTP-periode. Navarsete har tidlegare tatt til orde for NTP-midlar til ein såkalla midtstripestrategi på stamvegnettet, medan større vegprosjekt så langt ikkje er avslørte som topprioritetar.
Både oppgradering av strekninga mellom Håland og Lauareid i Etne, vegstrekninga gjennom Skjold, og gang- og sykkelsti i Ølensvåg står høgt på ønskjelista i Vindafjord og Etne. Sp-ordførarane Arne Bergsvåg og Sigve Sørheim har knytt store forhåpningar til offentleggjeringa av NTP. Mellom anna meiner Bergsvåg trafikksikringa langs E 134 har krav på sin del av transportplanen, og han har god tru på at gang- og sykkelsti mellom Ølen og Ølensvåg vil vera ein av prioritetane.
— Eg blir svært overraska om ikkje dette prosjektet er med. Me må ha som mål å sikra E 134, som faktisk er skuleveg for svært mange, seier Bergsvåg.
Trur på Skjold og Ølensvåg
Det nærmar seg ti år sidan reguleringsplanane for gang- og sykkelsti i Ølensvåg låg ferdige, og med trafikksikringstiltaka som er varsla frå Navarsete i NTP, trur Bergsvåg gangstiar langs E 134 vil få høg prioritet.
— Først av alt meiner eg tunnelane på Haukeli er viktigast for Haugalandet. Men eg trur vegen gjennom Skjold, sykkel- og gangsti i Øensvåg, kryssa innover mot Etne og Stordalen vil få høg prioritet. Med signala som er gitt om gul stripe» og trafikksikring, trur eg ikkje dei større prosjekta vil koma i første rekkje, seier Bergsvåg.
Han meiner det er sikringa av stamvegen som nå treng det naudsynlege løftet.
— Med den trafikkauken me har, og dei mange som brukar E 134 som skuleveg, bør det vera eit krav med samanhengande gang- og sykkelsti.
Nytt håp for Stordalen
Strekninga mellom Håland og Lauareid var opphavleg ein del av Åkrafjordprosjektet, men måtte vika til fordel for oppgradering av Rullestadsjuvet. Reguleringsplanen for strekninga låg klar i 1996, men i ettertid har prosjektet blitt utsett gong på gong, og planen gjekk ut på dato for tre år sidan. Likevel augnar Sørheim nå håp for endeleg rehabilitering av den tronge passasjen.
— Vegvesenet arbeider nå for å oppdatera reguleringsplanen og har sagt at dersom me pressar på politisk, skal dei ta seg av planen. Eg er optimist, og trur me vil har vegarbeidet i gong i løpet av nokre år. Det vil bli ein alvorleg nedtur om prosjektet ikkje er med på NTP, seier Sørheim.
Men strekninga er berre to kilometer av ein lang stamvegproblematikk. Ein mykje lengre parsell er meir enn utbetringsmoden.
— I våre uttalar, både frå Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Haukeliveien AS og Haugalandsrådet har me peika på Stordalen som ei vegutfordring, og det er mange flaskehalsar. Håland-Lauareid vil berre vera starten på utbetringa, seier Sørheim.