UDI melder Norsk Helsepersonell

  I anmeldelsen som er sendt Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, skriv UDI at Norsk Helsepersonell […]

I anmeldelsen som er sendt Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, skriv UDI at Norsk Helsepersonell har leigd ut utanlandsk helsepersonell til kommunar i Rogaland og Hordaland utan at helsepersonellet hadde arbeidsløyve, og at det såleis er utført er arbeidet utan løyve.
 — Dette er eit brot på utlendingslovens § 47, skriv UDI på si eiga nettside.
 — Regelverket skal beskytta utanlandske arbeidstakarar og sikra at dei arbeider under verdige forhold. Me vel å anmelda saker der me finn at norske arbeidsgjevarar bryt desse reglene, uttaler avdelingsdirektør Karl Erik Sjøholt i UDI si opphaldsavdeling.
 
I den omtalte saka har Norsk Helsepersonell leigd ut 24 ukrainske helsearbeidarar til fleire kommunar på Vestlandet. Vindafjord er blant desse.
Dette er ikkje første gong UDI melder ein norsk arbeidsgjevar til politiet i samband med bruk av utanlandsk arbeidskraft. UDI meldte i fjor sommar Harald Langemyhr AS for å ha gitt utrette opplysningar til utlendingsstyresmaktene ved søknader om opphaldsløyve for om lag 50 polske arbeidarar.