Utanomekteskapelige forviklingar i tre akter

Liv Astrid H. Hesjedal — Dette er like bra som alle dei tidlegare oppsetningane me […]

Liv Astrid H. Hesjedal

— Dette er like bra som alle dei tidlegare oppsetningane me har vore på, sjølv om ein ikkje kan samanlikne så ulike ting som revyane om sommaren og teaterstykket i kveld. Øyvind Håkull og Veronika Tveit er alltid bra, ja dei er like bra kvart år,  seier Marit og Einar Langelandsvik.
Også Målfrid Eide, mor til Aslaug Eide som er den yngste i ensemblet, er full av lovord til alle som er med i stykket.
— Eg syntes dei unge også klarte seg fint, kjekt med nye folk på scenen sjølv om me slett ikkje er lei av dei gamle, seier Målfrid Eide. Både ho og Langelandsvik meinar det er årets høgdepunkt for Skjoldabuen.
— Det er svært bra for bygda å ha dette årlege arrangementet, heile bygda går ut for å få med seg premieren og det er eit flott samlingspunkt i ei tid der folk er vanskelige å få ut på ting, seier Einar Langelandsvik, medan kona Marit nikkar samtykkande.

Tru eller utru
Heile stykket føregår i stova til ekteparet Nellemann i Skjold, spelt av Øyvind Håkull og Veronika Tveit. Dei to hovudrolleinnehavarane viste stor skodespelarkunst med flott samspel, timing på replikkar og ei innleving i rollene som verka svært naturleg. Særskild Veronika Tveit storspelte denne kvelden og var den klart beste på scenen. Ho viste ein enorm kontroll på alle musklar i andletet som gjorde utslag i mange finurlige uttrykk og respons på andre sine replikkar. Ho viste også ei fin ro på scenen og der andre snubla og ikkje heilt visste kva dei skulle sei hjelpte ho dei vidare og unngjekk ubehagelige pausar.  

Foto: Liv Astrid H. Hesjedal

Dei tre damene i familien diskuterer situasjonen. Fv Else Eide, Anna Innvær Øygard og Veronika Tveit. Foto: Liv Astrid H. Hesjedal

Forsoning
I huset til Nellemann bur også dottera saman med sin ektemann og han jobbar naturlegvis i firmaet til svigerfaren som vinseljar. Gamle herr Nellemann er notorisk utru og får svigersonen til å hjelpe med å finne på historier for å komme seg bort frå huset og ut på byn. Dette skapar sjølvsagt forviklingar og utruskapen vert oppdaga av fru Nellemann, men ho er overtydd om at det er svigersonen som driv med dette, og leiger inn ein privat detektiv for å avsløre det heile. Planen hennar slår tilbake og ho får vite sanninga om sin eigen ikkje så moralske ektemann, men det heile endar med forsoning på alle kantar.
Aslaug Eide som spelar dottera til ekteparet Nellemann, gjorde ein flott innsats i si første framsyning med teaterlaget og ho går inn i rolla som den søte og snille dottera med stor innleving. I stykket er også systera til fru Nellemann og hennar svært så kua ektemann med. Dei to er spela av Anna Innvær Øygard og Johannes Hustveit som begge gjer svært gode figurar på scenen og dei får ved fleire høve publikum til å le utan å seie eit ord.

Herr Nellemann og Thedor Himmelstrup figurert av Øyvind Håkull og Johannes Hustveit, deler ei flaske vin medan Nellemann fortel om dei mange damene sine. Foto: Liv Astrid H. Hesjedal

Unge og lovande
For aller fyrste gong stilte teaterlaget i år med to skodespelarar under atten år. Aslaug Eide hadde ei nokså stor rolle som dotter til ekteparet Nellemann medan venninna Linda Elin Vestre kom inn i to små roller, fyrst som lokkedue for privatdetektiven og sidan som proffboksaren Willy.
— Me tok sjølve kontakt med styret i haust og spurte om det var mogleg for oss å vera med, dei var svært positive og me kom inn i gruppa, fortel Aslaug Eide.
Sidan har det gått slag i slag med øving kvar veke frå oktober og eit par helgar i tillegg. Dei to jentene er ikkje heilt ukjende med scenelivet. Dei har begge opptredd og jobba med litt teater i meir privat regi og delteke i UKM, men dette var fyrste opptreden med ein skikkelig teatergjeng med slikt omfang.
— Dette har vore kjempe kjekt og det er kjekke folk å vera med, me har sett på i mange år og nå som me har vore med håpar me på å halda fram med det, seier Linda Elin Vestre.
Regissør Therese Nesheim har også mange lovord om dei unge, og fortel at i teaterlaget er alle velkomne, gamle som unge. Ho er også svært nøgd med det enorme frammøte noko som gjer eit fint overskot til arrangøren. Tidlegare overskot er investert i nytt lydanlegg som var i bruk for fyrste gong denne helga. No skal framtidige overskot gå til å bygga eit amfi, altså nok ei gode til heile bygda.
— Me har mange lag i sving for å få denne kvelden til å bli vellukka og me freistar kvart år å gje noko tilbake til bygda. No er jo ein fleirbrukshall på trappene her i Skjold og då hadde eit amfi vore supert, seier Nesheim.

Sjå fleire bilete i vårt fotoalbum