Hatteland Display gjekk til topps i kategorien «honourable mention 2009« under Reddot Design Award. Dette er ein internasjonal designkonkurranse som vert arrangert i Tyskland, og prisen er delt inn i tre likestilte kategoriar. I år var det til saman 3.231 søknader frå 1.400 bedrifter, med deltaking frå 49 ulike land. Hatteland Display har vunne ein slik pris ein gong før i 2007.
— Produktet som vann er ein datamaskin til bruk i maritime omgivnader. Den er utvikla med tanke på at det skal tåle ein ekstra støyt, fortel Ellen Susanne Rofeldt, designaren bak HT C01.
Ho er 28 år, og tilsett i Hatteland Display si avdeling i Tønsberg. Produktet hennar fekk prisen på grunn av spesielle eigenskapar kombinert med flott design.
— Dette er sjølvsagt litt stas, ein føler jo at ein får igjen for det ein har jobba for, seier Rofeldt.
Datamaskinen skal lanserast på marknaden i sommar, og produktet skal kunne brukast på alle moglege båtar som treng ein datamaskin.