Filmen «Nokas» som har opptaksstart i oktober, skal vera kjendisfri. Erik Skjoldbærg som tidlegare har regissert den norske storfilmen «Insomnia» og den mykje omtalte «Prozac Nation», ønskjer ei heilt ukjend rolleliste.
— Planen er å besetja rollene med ukjende skodespelarar og amatørar. Først og fremst er me på jakt etter folk med vestnorsk eller rogalands-dialekt til å spela politimenn- og kvinner, fortel Skjoldbærg.
19.mars kl. 10.00 kjem filmprodusentane til det Gamle Slaktehuset i Haugesund for å halda autition for alle som ynskjer å prøva seg.
Produksjonselskapet Alligator Film i Bergen står bak «Nokas», og har tidlegare produsert filmar som «Villmark» og «Himmelblå».
Filmen vil ta utgangspunkt i dei forskjellige menneska som blei innblanda i den dramatiske hendinga 5.april 2004. Hendingsgangen denne dagen skal skildrast utifrå forbipasserande, ranarane, NOKAS-tilsette og politiet si oppleving av situasjonen. Det blir ingen tradisjonell actionfilm, men ei historie som viser korleis denne kollisjonen av menneske utspant seg.
— Me er på jakt etter omlag 15 skodespelarar til både hovud- og biroller. Og først og fremst leitar me etter kvinner og menn som kan spela politifolk og banktilsette. For begge rollegruppene er den vestnorske dialekten avgjerande, fortel Skjoldbjærg.
Handverkarar, oljearbeidarar, millitærfolk, idrettsutøvarar , lærarar eller tildegare og nåverande politifolk er svært interessant. I tillegg til dialekten bør vedkommande ha eit noko atletisk ytre, og dei som til dagleg arbeide med noko fysisk kan vera aktuelle. Kvinner som har erfaring frå kontor- eller bankarbeid vil ha ein fordel i rollene som NOKAS-tilsette. Og skodespelarane kan koma frå aldersgruppene mellom 25 og 65.
Skjoldbjærg oppmodar folk til å dytta i kjenningar som gjerne ikkje ser seg sjølv som umiddelberre skodespelarar.
— Eg vil gjerne appellera til deo som kan oppfordra kjærastane og ektemakene sine til å prøva seg. Det er ikkje alltid dei iaugefallande menneska gjer seg på film. Ofte viser det seg ukjent filmtekke i uerfarne skodespelarar, seier Skjoldbjærg.
Og for dei som lar prestasjonsangsten koma i vegen for å prøva seg som skodespelar, kan regissør Skjoldbjærg roa dei heilt ned.
— Audition er ikkje skummelt. Du vil treffa hyggelege folk, og bli beden om å fortelja litt om deg sjølv, og kanskje kan du bli invitert tilbake til ein utvida audition på eit seinare tidspunkt. Dette er ein gylden moglegheit for å prøva seg som skodespelar utan å ta vegen om teaterhøgskulen til dømes.