Grethe H. Ravn
Det er fredag før palmesøndag og klar for den årlege basaren på Isvik bedehus. Inne møter me litt av eit syn. Bord og vegger er dekorert med gevinstar i alle mogelege variantar. Handarbeid, fruktkorger, klede og anna bruksutstyr i tillegg til eit eige bord med gevinstar for born.
Rundt dei tomme borda småspring 17 engasjerte småbarnsmødre og hastar med å få alt klart til basaren som skal starta ein liten time seinare. Fat etter fat med dugnadslaga kaker og mat vert bore inn, kaffitraktarane putrar om kapp, og på rekkje og rad står tomme kaffikanner som om litt er fulle av rykande fersk kaffi.
Dei 17 damene som arrangerar heile gildet, er alle med i misjonsgruppa «Husfreden», og for dei er dette reine julaftan. Det er dette dei jobbar for heile året igjennom.
Damer som bryr seg
Det er no tolv år sidan «Husfreden» starta opp. Den gong av ti damer som hadde lyst til å møtast, og som samstundes ynskte å gjera noko for misjonen. Nå er dei blitt til 17, og ingen kan anna enn å vera imponert over både arbeidsglede og givarglede. Dei er engasjerte og svært emosjonelt involverte.
Basaren som har tiårs jubileum, har gjennom åra gitt overskotet til forskjellige føremål. Dei tre siste åra har dei gått til eit sjukehus i byen Okhaldhunga i Nepal.
Her har dei fått svært god kontakt med alle som jobbar på sjukehuset, og får annankvar månad eit brev frå Erik Bøhler, lege ved sjukehuset. Brevet kallar han «Okhaldhungas times» og gjer eit lite innblikk i liva deira der nede.
Vil reise austover
Damene i «Husfreden» synest dette er svært spennande, og dei kjenner at det å kunne hjelpe andre born som ikkje har det så bra, er ein ting dei set svært høgt.
Tove Mette Stødle som har vore med frå start og Ann Rita Eike som er ei av damene som kom til etterkvart, fortel at målet er å kunne klare å få til ei reise ned for å besøke sjukehuset.
— Frå Dr. Bøhler får me stadig fantastiske historier. I siste brevet fortalde han om ei dame som har hatt åtte dødfødslar, fordi ungane vert fødde for tidleg. Gjennom eit lite inngrep og god oppfølging kunne denne dama den 17. januar i år gje liv til ein fullboren son. Då var det jubel på sjukehuset, refererer Stødle og Eike.
Sosiale veninner!
Det er ingen tvil om at denne basaren er noko både Ann Rita Eike, Tove Mette Stødle og dei andre 15 jentene omfamnar som eit lite hjartebarn. Energien boblar og dei snakkar nesten i munnen på kvarandre når dei fortel om sjukehuset i Nepal, om veninnegjengen «Husfreden», og det dei gjer i saman.
— Me er ikkje berre ei misjonsgruppe som møtest annankvar torsdag, men også 17 gode veninner som utfyller kvarandre svært godt, fordel dei. Nokon er gode på å bake, andre kan sy og brodere, og alle har dei sine eigne gode kvalifikasjonar. Dei kjenner kvarandre godt og praten går i eitt frå dei kjem til dei går.
Når dei møtest legg dei vekt både på det sosiale og det andelege. At misjonsarbeidet skal stå i sentrum, står sterkt hjå kvar og ein. Dei er kreative og finn stadig nye måtar å få inn pengar til basaren på.
50.000
Summinga av basarklare gjester stig etterkvart som klokka nærmar seg 19.00 denne kvelden. Salen vert snart full og så er dei i gang. Loddbokskrivarane skriv så blekket sprutar, det vert åresal, og ein basar er ingen basar utan mange viltre ungar som spring rundt med sveitte panner og har det kjekt i saman. Nesten ei lita julaftan for dei også.
Etterkvart forsvinn den eine gevinsten etter den andre. Etter nokre hektiske timar sit 17 glade misjonsdamer att, med roser i kinna og er svært nøgde. Oppteljinga viser eit flott overskot på meir enn 50.000 kroner, som dei gler seg til å sende til Nepal.
«Husfreden» har sin eigen song i songboka med omkvedet: «Herre led du oss frem, la oss bli til hjelp for dem som du viser oss trenger en hånd. Gi oss lys til å se, gi oss vilje til å be: Herre Gud, fyll vårt liv med din ånd».
— Denne teksten er vårt utgangspunkt. Det er dette me prøver å jobba etter, og i tillegg er me så heldige at me er 17 damer som står saman om det. Me får så uendeleg mykje tilbake, når me ser at pengane våre rekk fram og at sjukehuset i Nepal kan hjelpa mange menneske mellom anna på grunn av det me gjer, seier Ann Rita Eriksen.