I Etne kommune er det ved utgangen av april 29 arbeidslause. Dette er ein person færre enn i førre månad. I Vindafjord kommune er det i dag 61 arbeidsledige, ein person meir enn i mars månad. Arbeidsløysa i Etne og Vindafjord utgjer 1,4 prosent av arbeidsstyrken i begge kommunar.
Nær dobbel auke
Arbeidsløysa i Hordaland og Rogaland auka denne månaden med over 80 prosent i forhold til same periode i fjor. Arbeidsløysa i Hordaland auka med hundre personar frå mars til april, nå ligg det samla talet på 6.312 arbeidsledige i fylket.
I Rogaland er det ved utgangen av april 4.440 arbeidsledige personar. Dette utgjer 1,9 prosent av arbeidsstyrken i fylket. Nord-Rogaland er hardast råka. I haugesund ligg arbeidsløysa på 3,2 prosent av arbeidsstyrken og på Karmøy 2,8 prosent.
Rogaland har framleis den lågaste arbeidsløysa i landet. Noreg har per i dag ei arbeidsløyse på 2,8 prosent.
Fryktar større auke
Auken frå mars til april er likevel ikkje drastisk i følgje Kenneth Stien, avdelingsdirektør for arbeid og aktivitet i NAV Hordaland. Han forventar det å bli verre utover sommaren.
— Me er inne i ein sesong med auka rekruttering til mellom ana sommarjobbar. Men me ventar likevel eit nytt hopp i arbeidsløysa i juni og juli. Det er låg etterspurnad etter varer og tenester, mange kontraktar går ut i juni, og studentar er ferdige med utdanninga strøymer inn i arbeidsmarknaden, seie Stien, som spår eit betydeleg hopp i arbeidsløysa i juli.