Barnehage endå meir utsett

Jon Edvardsen Rådmann Kristian Birkeland ville først snu på flisa og ha barnehagen som tema […]

Jon Edvardsen

Rådmann Kristian Birkeland ville først snu på flisa og ha barnehagen som tema på ekstraordinært formannskap dagen etter påske. Men no kjem ikkje saka opp på det ordinære formannskapet på komande tysdag heller, slik det først var varsla.
— Det er ein del å avklare før vi har totalprisen klar med Barnebygg. Vi visste at det tidlegare overslaget for ekstra kostnader var litt usikkert, og no vil vi fjerne all tvil og ha ein nøkkelferdig pris å leggje fram. Difor er det nødvendig å utsetje vedtaket og heller ta eit ekstraordinært formannskapsmøte, seier rådmann Kristian Birkeland i Vindafjord.

Blir dyrare
Det er tidlegare skissert at politikarane må skaffe totalt 2 millionar kroner ekstra for å få den nye barnehagen i hamn med fortau på vegen og parkering i tillegg. Det usikre er ekstrakostnaden på barnehagetomta som før er stipulert til vel 1 million kroner. Her er det venta at prisen vil auke litt.
Før påske hadde aksjonsgruppa for alternativ tomt, pluss Per Berge frå Berge Sag og Øystein Matre frå Westcon, møte med rådmann Birkeland og ordførar Arne Bergsvåg.
På dette møtet vart det nemnt at næringslivet ville garantere at ny tomt ikkje skulle bli dyrare for kommunen.
— Slike tilbod må vi eventuelt ha skriftleg, seier rådmannen.
Han vil ikkje rekne på alternativ tomt i saka som skal opp i formannskapet, men berre peike på at alternativ tomt er eitt alternativ dersom politikarene ikkje vil byggje på den tomta utbygginga er i gang.